Du er her: Forsiden > Nyheter > Nyheter 2009 > Plikt til å nytte godkjend bedriftshelseteneste

Nyheter 2010

Nyheter 2009

Nyheter 2008

Nyheter 2007

Nyheter 2006

Nyheter 2005

 

Hold deg oppdatert

Motta gratis nyhetsbrev med regelverksendringer for din bransje.
Gå videre >

 

Plikt til å nytte godkjend bedriftshelseteneste

(17.12.2009)  Frå 1.1. 2010 må åtte nye bransjar knyte til seg bedriftshelseteneste (BHT). Eit nytt krav er dessutan at bedriftshelsetenesta må vere godkjend av Arbeidstilsynet.
Dei åtte nye bransjane som no må knyte til seg bedriftshelseteneste er:
helse- og sosialsektoren, undervisning, fiskeoppdrett og klekkeri, attvinning, vakttenester, frisørbransjen, kraft- og vatnforsyning, samt tekoindustrien.

Plikt til godkjend ordning
Ordninga inneber at alle verksemder som har plikt til å ha bedriftshelseteneste, må bruke ei godkjend ordning. Det vert også stilt tydelegare krav til korleis verksemda skal nytte den godkjende bedriftshelsetenesta.
For å verte godkjend, må bedriftshelsetenestene minst ha den tverrfaglege kompetansen og det volumet som er naudsynt for å hjelpa verksemdene i arbeidet med god førebyggjing og inkludering. Ein finn nærare informasjon om krava til kompetanse hjå BHT på faktasida om den nye ordninga.
 
Ei liste over godkjende BHT vil liggje på arbeidstilsynet.no. I lista får ein sjå kven som har søkt og status på søknaden. Arbeidstilsynet opplyser at det vil ta nokre månader før godkjenningane er klare.
 
Les meir hjå Arbeidstilsynet:

 

 


 
 
 

  Utskriftsversjon        Tips en venn  

Siden ble sist oppdatert: 17.12.2009
Oppdatert av: Arbeidstilsynet