Veiviser til regelverk for virksomheter

Rettleiar om opprydding i forureina grunn

No vert det enklare å bruke regelverket om opprydding i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid. SFT har utarbeidd kommentarar og nye rettleiarar til regelverket, som tok til å gjelde 1. juli 2009.

I fyrste rekkje er dei nye rettleiarane frå Statens Forureiningstilsyn (SFT) retta mot kommunane. Men også tiltakshavarar, konsulentar, advokatar, grunneigarar og andre berørde partar finn nyttig informasjon.
 
  • Kommentarar til forureiningsforskrifta kapittel 2 (TA-2547/2009) klarlegg juridiske problemstillingar som kan oppstå med bakgrunn i kvar enkelt paragraf.
  • Rettleiar til forureiningsforskrifta kapittel 2 (TA-2548/2009) informerer om praktiseringa av utvalde paragrafar.
  • Rolla til kommunane (TA-2549/2009), Tiltakshavers ansvar (TA-2561/2009) og Alunskifer (TA-2560/2009) behandlar ulike problemstillingar.

Kommunane er forureiningsmyndigheit
Kommunane er forureiningsmyndigheit for regelverket om opprydjing i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid. Dei koordinerer arbeidet med behandlinga etter plan- og bygningslova og godkjenner tiltaksplanane.
 
Tiltakshavar sitt ansvar
Tiltakshavar er ansvarleg for å undersøkje om grunnen er forureina, utarbeide tiltaksplan og utføre opprydjingsarbeidet dersom det er påkravd.
 
Alunskifer er forureina grunn
Som følgje av endringane i regelverket om opprydjing i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid, er alunskifer no forureina grunn dersom det blir grave opp som del av eit byggjeprosjekt. Det gir nokre nye utfordringar som vi omtaler i eit eige informasjonsark.
 
Les meir:
 
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet