- Dette er ei oppfølging av Stortingets drøfting som vil vere til god hjelp for verksemder i ein mellombels vanskeleg situasjon, og sjølvsagt også for arbeidstakarane, seier statssekretær Jan-Erik Støstad i Arbeids- og inkluderingsdepartementet .
Han peiker spesielt på at endringa også kan få verknad for personar som allereie er permitterte, og som kan ha nådd opp i eit samla tal på veker med dagpengar på 30.
Under handsaminga av regjeringa si tiltakspakke fredag i førre veke, drøfta Stortinget permitteringsregelverket.
Regjeringa hadde foreslått å gjere regelverket meir generøst ved å korte ned perioden arbeidsgjevar skal betale løn og auke maksimal varigheit for permitteringar. Odelstinget vedtok regjeringa sitt forslag om å redusere arbeidsgjevarperioden frå 10 til 5 dagar, med verknad frå 1. april i år.
Les meir: