Veiviser til regelverk for virksomheter

Elektronisk rapportering for industriverksemder og avfallsdeponi

Industriverksemder og avfallsdeponi er pålagte å rapportere alle utslepp som har betydning for miljøet. No kan rapporteringa skje elektronisk via Altinn.

Skjema for eigenrapportering for Industriverksemder og avfallsdeponi for 2008 er tilgjengeleg på nettstaden AltInn frå mandag 16. februar 2009. Fristen for rapportering er mandag 16. mars. Verksemdene skal rapportere alle utslepp av betydning for miljøet.
Fristen for rapportering gjeld verksemder med løyve frå SFT eller Fylkesmannen med rapporteringsplikt og verksemder som ble pålagt rapporteringsplikt i brev datert 25. januar 1993.
 
PRTR-protokollen under Århus-konvensjonen
Norge har også forplikta seg til å samle inn informasjon om utslepp frå bedrifter gjennom den såkalla PRTR-protokollen under Århus-konvensjonen.
Norge rapporterer utsleppsdata frå bedrifter videre til det europeiske utsleppsregisteret der data frå EU-landa vert samla.
 
Bedrifter omfatta av avtale mellom Norsk industri og Miljøverndepartementet
Omtrent 40 bedrifter med klimagassutslepp som ikkje er omfatta av klimakvotesystemet, er omfatta av ein avtale mellom Norsk industri og Miljøverndepartementet.
Desse bedriftene skal som tidlegare rapportere utslepp av klimagassar på eigne bransjetilpassa skjema.
 
Les meir:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet