Veiviser til regelverk for virksomheter

Plikt til å nytte godkjend bedriftshelseteneste

Frå 1.1. 2010 må åtte nye bransjar knyte til seg bedriftshelseteneste (BHT). Eit nytt krav er dessutan at bedriftshelsetenesta må vere godkjend av Arbeidstilsynet.

Dei åtte nye bransjane som no må knyte til seg bedriftshelseteneste er:
helse- og sosialsektoren, undervisning, fiskeoppdrett og klekkeri, attvinning, vakttenester, frisørbransjen, kraft- og vatnforsyning, samt tekoindustrien.

Plikt til godkjend ordning
Ordninga inneber at alle verksemder som har plikt til å ha bedriftshelseteneste, må bruke ei godkjend ordning. Det vert også stilt tydelegare krav til korleis verksemda skal nytte den godkjende bedriftshelsetenesta.
For å verte godkjend, må bedriftshelsetenestene minst ha den tverrfaglege kompetansen og det volumet som er naudsynt for å hjelpa verksemdene i arbeidet med god førebyggjing og inkludering. Ein finn nærare informasjon om krava til kompetanse hjå BHT på faktasida om den nye ordninga.
 
Ei liste over godkjende BHT vil liggje på arbeidstilsynet.no. I lista får ein sjå kven som har søkt og status på søknaden. Arbeidstilsynet opplyser at det vil ta nokre månader før godkjenningane er klare.
 
Les meir hjå Arbeidstilsynet:

 
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet