Veiviser til regelverk for virksomheter

Stadig meir effektivt retursystem for EE-avfall

I fjor blei det samla inn over 147 000 tonn elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) i Noreg. Dette tilsvarer 32 kilo frå kvar innbyggar, og er nesten 15 000 tonn meir enn i 2006. SFT vil helde fram kampen mot gratispassasjerane.

EE-registeret følgjer opp produsentar som ikkje har medlemskap i returselskap i tråd med  kravet i avfallsforskrifta – dei såkalla gratispassasjerane. Frå denne oppfølginga begynte i oktober 2006 og ut 2007, har EE-registeret vore i kontakt med over 1600 verksemder.
 
I same periode er det registrert 1200 nye medlemmar i returselskapa. I 2007 blei 254 føretak rapportert til SFT etter gjentekne oppfordringar og påminningar frå EE-registeret. SFT varsla 148 foretak om tvangsmulkt. Arbeidet mot gratispassasjerar held fram i 2008.
 
Les meir:
 
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet