Veiviser til regelverk for virksomheter

Nye unnatak for EE-produkt

Frå EU-kommisjonen har Statens forureiningstilsyn (SFT) fått ei liste med forslag til unnatak frå forbodet mot visse stoff i elektriske og elektroniske produkt. Høyringsfrista er 25. mars til SFT eller 1. april til EU-kommisjonen.

Dette er den åttande lista med forslag til unnatak frå forbodet mot visse stoff i elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt).
 
EU-kommisjonen får stadig forslag om nye unnatak frå forbodet mot visse stoff i EE-produkt. Det er tidlegare gjennomført sju høyringar om unnatak. Nå sender Kommisjonen tre nye forslag på høyring.
 
SFT ynskjer informasjon om korleis og i kva grad desse unnataka har betyding for norsk industri. Ved behov vil SFT gi norske kommentarar. Send dine kommentarar til SFT innan 25. mars, eller direkte til EU-kommisjonen innan 1. april.
 
Les meir:
 
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet