Veiviser til regelverk for virksomheter

Krev betre internkontroll hos produsentar av spekepølse

Mattilsynet har kontrollert rutinar og prosedyrar for å sikre trygg spekepølseproduksjon. For 30 av 49 produsentar var det berre nødvendig å gje rettleiing, men fleire hadde manglar ved systema for internkontroll og sporing.

Tilsynspersonell frå Mattilsynet i Hedmark og Oppland kontrollerte hausten 2007 49 verksemder i regionen. Alle desse verksemdene produserer spekepølse eller modnar spekepølser som andre verksemder har produsert for dei.  Bakgrunnen for kontrollen var E.coil-utbrotet i 2006, der spekepølser var årsak til smitten.
 

Alle verksemder må ha internkontroll

I kontrollen blei det lagt stor vekt på praktiseringa av internkontrollen i verksemda, sporbarheit for råvarer og ferdigprodukt, samt hygieniske forhold.
 
Resultata viste at produksjonen var i orden i 30 verksemder, og her var det berre nødvendig å gje rettleiing. Hos 19 verksemder blei det avdekka manglar som førte med seg vedtak med tidsfristar for retting av feil. Tre av desse verksemdene hadde avvik av meir alvorleg karakter. Ingen verksemder blei stengt under kontrollen, og det blei ikkje gjeve omsetningsforbod for produkt.
 
Les meir:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet