Unge arbeidstakarar skal ha fullverdige arbeidskontraktar og relevant opplæring som sikrar at dei meistrer arbeidsoppgåvene på ein trygg og god måte.
Sommaren 2006 var inspektørar frå Arbeidstilsynet over heile Norge på tilsyn på nærare 1300 arbeidsplassar med unge arbeidstakarar.
Fire av ti verksemder som vart kontrollerte følgde ikkje arbeidsmiljølova. Hotell og restaurantar var bransjane med flest lovbrot. Her fekk halvparten ein eller fleire reaksjonar frå Arbeidstilsynet. I varehandelen vart det funne lovbrot hjå 40 prosent.