Veiviser til regelverk for virksomheter

39 døydde i arbeidsulukker i 2007

Arbeidstilsynet har registrert 39 dødsfall som følgje av arbeidsulukker for 2007. Dette er åtte fleire enn i 2006. Dei fleste av dei som døydde arbeidde i transport- og kommunikasjonsnæringa.

37 menn og to kvinner omkom i arbeidsulukkene.

 

Mange dødsulukker i transportnæringa

Til saman ni dødsfall er registrert blant tilsette i transport- og kommunikasjonsnæringa. Tre av dødsfalla fann stad som følgje av vegtrafikkulukker. I 2006 vart det registrert to ulukker i same næring.
 

Jord- og skogbruk

Fire døydde innan jordbruks- og skogbruksnæringa i 2007. Også i 2006 døydde det fire innan same næring.
 

Færre dødsulukker innan bygg og anlegg

Arbeidstilsynet har for 2007 registrert fire dødsfall innan bygg- og anleggsnæringa. I fjor var talet på omkomne ni. Gjennomsnittstalet for perioden 2003-2007 er 7,2.
 

Auke innan offentleg forvaltning

Innan offentleg forvaltning er det rapportert heile fire dødsfall som følgje av arbeidsulukker. Gjennomsnittstalet for perioden 2003-2007 er 1,4 og i 2006 var det ingen som omkom innan denne næringa. I tre av dødsfalla var årsaka vegtrafikkulukke. Det fjerde dødsfallet var ei ulukke med skytevåpen.
 
Les meir:
 
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet