Dei siste åra har tilsyn med denne bransjen avdekka ein del brot på regelverket for internkontroll og mangelfull reinsing av utslepp til vatn.
Vest Tank
Eksplosjonen i tankanlegget til verksemda Vest Tank i mai 2007 er også ei årsak til at SFT og DSB vil samarbeide tettare og styrke kontrollane av denne bransjen.
Omfattande kontrollar av HMS
Under kontrollane vil heile avfallsstraumen frå mottak til slutthandsaming bli gjennomgått.
Myndigheitene skal både kontrollere systema for helse, miljø og tryggleik i verksemdene og dokumentasjon på den fysiske tilstanden til anlegga. Ein vil ta stikkprøver for å kontrollere at drifta er sikker, at reinseprosessane fungerer og at verksemda i dei ulike verksemdene er i tråd med krava i løyva dei har.
Les meir: