Det er konklusjonen til Mattilsynet etter kontroll av 123 kjøken i Buskerud, Telemark og Vestfold.
Fokus på kritiske punkt
Hovudtema for revisjonen var verksemdene si styring med dei kritiske punkta nedkjøling, temperatur på buffé, haldbarheit på eigenprodusert mat og personleg hygiene/smittespreiing. I tillegg vart det sett på opplæring og avvikshandtering/korrigerande tiltak.
Éi verksemd fekk omsetningsforbod
Ingen verksemder vart stengt i samband med prosjektet, og berre éi verksemd fekk omsetningsforbod. Omsetningsforbodet vart gjeve for mat som lett blir skjemd og som var lagra ved for høg temperatur over tid.
Aksjonen mot hotell- og restaurantbransjen avdekka at
- 98 prosent av dei reviderte verksemdene hadde eit IK-matsystem
- 44 prosent av desse hadde eit tilfredsstillande system
- Den største delen av verksemdene, 54 prosent, hadde éin eller fleire manglar
- 2 prosent av dei reviderte verksemdene hadde ikkje eit fungerande IK-matsystem.
Les meir: