Veiviser til regelverk for virksomheter

Endringar i kosmetikkforskrifta

Mattilsynet har sendt endringar i kosemetikkforskrifta på høyring. Frist for høyringsinnspel frå di verksemd er 11. november.

Endringane skyldast dels at EU-direktiva 2007/1EF og 2007/17EF vart innlemma i EØS-avtalen 28. september i år og dels ei avgjerd frå Statens legemiddelverk.
 

Ni nye stoff på forbodslista 

Mellom anna blir ni nye stoff førte opp på forbodslista i kosmetikkforskrifta § 5. Forboda kjem etter at industrien ikkje har klart å dokumentere om bruken av desse stoffa er helseskadeleg når dei vert nytta i kosmetikk og kroppspleieprodukt. Etter det Mattilsynet kjenner til, har fleire av dei ni stoffa vorte nytta i nyare tid.
 

Endringar i regelverket for kosmetikk og kroppspleieprodukt

Fire stoff som  er mykje nytta i produkt meinte for å minske rynker og flass eller fjerne sminke, i dusjgelear, sjampo, hårfargemiddel, sjølvbruningsprodukt og deodorantar vert omfatta av dei nye reglane. Desse stoffa er:
 
  • salicylsyre
  • sulfittar
  • triclocarban
  • sinkpyrition

Om du produserer eller importerer slike produkt, kan du lese meir om konsekvensane av regelverket på Mattilsynet sine sider.

Endringar i regelverket om klorhexidin
Grensa for innhaldet av klorhexidin i produkt som skal fjerne plakk blir endra frå 3 % til 0,3 %. Dette er ein konsekvens av at bruksvilkåra for 23 stoff som i dag er tillete konserveringsemne blir endra.

Les meir:

Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet