Veiviser til regelverk for virksomheter

Bindeez-perler må bort frå marknaden

Det er nå stadfesta frå leverandøren at Bindeez leikeperler inneheld det kjemiske stoffet 1,4-butandiol, som kan omdannast til Gamma Hydroxy Butyrat (GHB) i kroppen.

Leiketøyet blir nå fjerna frå marknaden over heile verda. Om barn et desse perlene, kan dei utvikle symptomar som døsigheit og svimmelheit, og dei kan miste medvitet.


Levér Bindeez-perlene i butikken

Om du har kjøpt desse perlene, bør dei ikkje brukast. Du kan returnere dei til næraste BR-Leker- eller TOYS”R”US-butikk.

 

Det er danske Top-Toy som er leverandør av perlene til den norske marknaden gjennom butikkane TOYS"R"US og BR-leker.
 
Onsdag 7. november stansa Top-Toy alt sal av perlene i dei norske butikkane, og dei oppmodar kundar som har kjøpt Bindeez til å returnere perlene til næraste butikk.
 
Les meir:
 
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet