Etter nyttår vil det vere mogeleg å bestille id-korta frå Norsik AS. Det er eit vilkår for å sende ut id-kort at lovpålagte krav om registrering i relevante offentlege register er oppfylt.
Aktuelle register for bransjen er i denne samanhengen Enhetsregisteret, Merverdiavgiftsmanntallet og Arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret. For utanlandske verksemder er Sentralskattekontoret for utanlandssaker også relevant. Informasjon om kva for register den enkelte verksemda har registreringsplikt til, får ein ved å vende seg til det enkelte register eller Servicekontoret for utanlandske arbeidstakarar i Oslo.
Det vil ta noko tid før heile bransjen har fått id-kort. Arbeidstilsynet vil derfor leggje vekt på informasjon om ordninga i sitt tilsynsarbeid fram til sommaren.
Les meir: