Veiviser til HMS-regelverket

Smittefarleg avfall fra helsetjeneste og dyrehelsetjeneste mv

Smittefarleg avfall skal ikkje utgjere nokon fare for forureining eller spreiing av smitte til menneske, dyr eller miljø. Myndigheitene stiller mellom anna krav til at verksemdene oppbevarer, handterer, transporterer og behandlar slikt avfall forsvarleg.

 

Smittefarleg avfall skal ikkje utgjere nokon fare for forureining eller spreiing av smitte til menneske, dyr eller miljø. Myndigheitene stiller mellom anna krav til at verksemdene oppbevarer, handterer, transporterer og behandlar slikt avfall forsvarleg.

Reglane gjeld for smittefarleg avfall som oppstår i helseteneste og dyrehelseteneste, mellom anna smittefarleg avfall frå undervisning, forsking og diagnostikk. Animalsk avfall, som til dømes døde dyr og slakteavfall, er ikkje omfatta. Desse avfallstypane er omfatta av Mattilsynet si regulering av animalske biprodukt.

Oppbevaring, handtering og transport

  • Helseteneste og dyrehelseteneste skal sørgje for at smittefarleg avfall blir oppbevart og handtert på ein slik måte at det ikkje utgjer nokon fare for forureining eller spreiing av smitte til menneske, dyr eller miljø.
  • Produsentar av smittefarleg avfall skal så tidleg som mogleg sørgje for at avfallet blir behandla slik at det ikkje lenger er smittefarleg.
  • Ei verksemd som transporterer eller handterer smittefarleg avfall frå helseteneste eller dyrehelseteneste, skal sørgje for at dette skjer på ein slik måte at det ikkje utgjer nokon fare for forureining eller spreiing av smitte. Smittefarleg avfall skal ikkje blandast med andre typar avfall.

Leveringsplikt
Smittefarleg avfall skal leverast til anlegg med behandlingsløyve eller til anlegg med forbrenningsløyve.

Løyve til behandling

  • Verksemder som behandlar smittefarleg avfall, skal ha løyve frå Fylkesmannen eller den Miljøverndepartementet eller Helse- og omsorgsdepartementet har gitt myndigheit.
  • Helseteneste som autoklaverer (bruker trykk-kokar) eller desinfiserer smittefarleg avfall, skal ha løyve frå Fylkesmannen eller den Helse- og omsorgsdepartementet har gitt myndigheit.
  • Dyrehelseteneste som autoklaverer eller desinfiserer smittefarleg avfall, skal ha løyve frå Mattilsynet.

Kravet om løyve gjeld ikkje ved eigenbehandling av smittefarleg avfall.

Emballering og merking
Smittefarleg avfall skal vere emballert på ein slik måte at det eignar seg for lagring og transport utan at det inneber smittefare. Det skal også vere merkt slik at det går klart fram at emballasjen inneheld smittefarleg avfall. Ved levering til transport skal avfallet vere emballert og merkt i samsvar med krava for emballering av infeksjonsfremmande stoff i forskrift om transport av farlig gods på veg og jernbane. Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som forvaltar denne forskrifta.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet