Veiviser til HMS-regelverket

Varsling av akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon 110.

 

Med akutt forureining meiner ein forureining av betydning som oppstår plutseleg, og som ikkje er lovleg etter forureiningslova.

Kven skal du varsle?

Ved å ringje 110 kjem du til brannvesenet, som skal varslast i slike situasjonar. Dersom verksemda har utsleppsløyve, kan løyvet innehalde krav om at også Klima- og forureiningsdirektoratet skal varslast.

Kven skal varsle?

Det er i første rekkje den som er ansvarleg for forureininga, som har plikt til å varsle. Dette gjeld òg ein oppdragstakar som utfører arbeid på vegner av den ansvarlege. Men det ligg også føre ei plikt til å varsle for alle som måtte ha kjennskap til eit akutt utslepp, med mindre det er openbert unødvendig.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet