Veiviser til HMS-regelverket

Utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande

Utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande verksemder med utslepp mindre enn 50 pe og som ikkje går til offentleg nett, krev eige løyve.

Søknad

Du må sende søknad med nødvendige opplysningar til kommunen. Kommunen gir informasjon om nabovarsel og kva for opplysningar som skal følgje med søknaden. Søknadsplikta gjeld uavhengig av kva reinseløysing du vel. Du må difor søkje om utsleppsløyve også dersom utsleppet går til tett tank. For verksemder som berre slepp ut gråvatn, gjeld søknadsplikta berre dersom det er innlagt vatn.

Kravet til løyve gjeld òg dersom du aukar utsleppet vesentleg. Du må difor normalt søkje om nytt løyve dersom du planlegg å auke belastninga på eksisterande anlegg, til dømes ved å installere vassklosett.

Dersom du er i tvil om kor stort utsleppet er, tek du kontakt med kommunen, som kan gi nærare informasjon.

Dersom utsleppet skal på offentleg avløpsnett i samsvar med plan- og bygningslova, gjeld ikkje denne særskilde søknadsplikta.

Avløpsnett, reinseanlegg og dokumentasjon

Kommunen stiller krav til kvaliteten på avløpsnettet, yteevna til reinseanlegget og nødvendig dokumentasjon.

Lokale forskrifter

Enkelte kommunar har vedteke ei lokal forskrift med føresegner som trer i staden for løyve for utslepp av sanitært avløpsvatn i forureiningsforskrifta kapittel 12.

Relevante lenker

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
  • Kommunen

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet