Veiviser til HMS-regelverket

Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå større tettbygde område

Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå større tettbygde område med eit samla utslepp større enn eller lik 2000 pe til ferskvann eller elvemunning, eller større enn 10 000 pe til sjø krev eige løyve.

Søknad

Søknad med nødvendige opplysningar skal sendast Fylkesmannen. Søknadsplikta gjeld ved etablering av nye utslepp eller vesentlig auke av eksisterande utslepp. Fylkesmannen kan fastsetje strengare og meir omfattande krav enn dei som går fram av forureiningsforskrifta.

Avløpsnettet

Det er stilt krav til kvaliteten på avløpsnettet. Den ansvarlege skal også ha oversikt over alle overløp på avløpsnettet og eventuelle lekkasjar av betydning. Den ansvarlege skal frå 31.12.2008 registrere eller berekne driftstid for utslepp frå overløp.

Påslepp av oppmale matavfall til offentleg avløpsnett frå verksemder og hushald er forbode, så framt ikkje kommunen i forskrift gjer unntak frå forbodet.

Reinseanlegget

Det er stilt krav til yteevna til reinseanlegget. Krava er avhengige av om utsleppet skjer til eit følsamt, normalt eller mindre følsamt område, jf. forureiningsforskrifta § 14-6, § 14-7 og § 14-8. For utslepp til mindre følsame område kan det søkjast om mindre omfattande reinsing. Den ansvarlege må skaffe god dokumentasjon gjennom grundige undersøkingar. Les meir om dette i resipientrettleiaren til Klima- og forureiningsdirektoratet. For tettbygde område med eit samla utslepp over 150 000 pe skal dokumentasjonen vere godkjend av EFTAs overvakingsorgan ESA.

Det skal takast representative prøver av avløpsvatnet. Overløpsbidraget skal målast, registrerast og reknast med i reinsegraden. Kor mange prøver som skal takast, er avhengig av storleiken på avløpsanlegget, sjå § 14-11. Verksemdene som utfører prøvetakinga, mellom anna konservering, skal frå 31.12.2008 vere akkrediterte for prøvetaking eller ha eit tilsvarande kvalitetssikringssystem.

Prøvene skal analyserast for aktuelle parametrar, inkludert dei parametrane som går fram av vedlegg 2 til kapittel 11 i forureiningsforskrifta. Laboratoriet som utfører analysane, skal vere akkreditert for dei aktuelle analysane.

Overvaking

Den ansvarlege for avløpsanlegget skal gjennomføre regelmessig overvaking av resipienten dersom utsleppet høyrer til eit tettbygd område som er nemnt i § 14-9 a, b eller c. Verksemdene som utfører overvakinga, skal vere akkrediterte for felt- og analysearbeid eller ha tilsvarande kvalitetssikringssystem. Sjå meir om dette i resipientrettleiaren i Klima- og forureiningsdirektoratet.

Rapportering

Den ansvarlege for private avløpsanlegg som er større enn 50 pe, skal rapportere nødvendige opplysningar til kommunen innan 1. februar kvart år. Kommunen pliktar å rapportere til staten nødvendige opplysningar om alle avløpsanlegg i kommunen og utslepp frå desse anlegga innan 15. februar kvart år. Dette skal gjerast gjennom den årlege KOSTRA-rapporteringa.

Varsling av avvik frå reinsekrav

Dersom utsleppet er overskride med 100 % av det reinsekrava tilseier, pliktar den ansvarlege for avløpsanlegget snarast å varsle Fylkesmannen.

Tilhøvet til eksisterande løyve

Løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn som er gitt før 1.1.2007, gjeld framleis, men med nokre endringar. Ta kontakt med Fylkesmannen for nærare informasjon om eventuelle endringar i ditt løyve.

Standardar om avløp

Desse standardane kan tingast frå Pronorm:

  • Norsk standard for bestemmelse av personekvivalenter (pe) for avløpsvann (prNS 9426)
  • Norsk standard for måling av vannføring i avløpsrenseanlegg med frispeilstrømming. Bruk av tynnplateoverløp og målerenner (NS 9460)

Relevante lenker

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet