Veiviser til HMS-regelverket

Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå små tettbygde område

Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå små tettbygde område med eit samla utslepp mindre enn 2000 pe til ferskvatn eller elvemunning, eller 10 000 pe til sjø, krev eige løyve.

Søknad

Søknad med nødvendige opplysningar skal sendast kommunen. Søknadsplikta gjeld ved etablering av nye utslepp eller vesentleg auke av eksisterande utslepp. Dersom det er levert inn ein fullstendig søknad i samsvar med krava, skal kommunen avgjere saka innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort ein slik søknad innan utløpet av fristen, blir løyvet rekna som gitt.

Kommunen kan fastsetje krav som avvik frå krava i forureiningsforskrifta. Kommunen kan til dømes setje krav til utsleppsstad og utsleppsdjup, eller nekte etablering av utslepp.

Påslepp av oppmale matavfall til offentleg avløpsnett frå verksemder og hushald er forbode, så framt ikkje kommunen i forskrift gjer unntak frå forbodet.

Avløpsnett og reinseanlegg – kvalitet og yteevne

Kommunen kan gi nærare informasjon om krav til kvaliteten på avløpsnettet og yteevna til reinseanlegget.

Rapportering

Som ansvarleg for private avløpsanlegg større enn 50 pe skal du rapportere nødvendige opplysningar til kommunen innan 1. februar kvart år. Kommunen pliktar å rapportere til staten nødvendige opplysningar om alle avløpsanlegg i kommunen og utslepp frå desse anlegga innan 15. februar kvart år. Dette skal gjerast gjennom den årlege KOSTRA-rapporteringa.

Tilhøvet til eksisterande løyve

Dersom avløpsanlegget har utsleppet til eit område som er klassifisert som følsamt eller normalt, vil det vere nokre endringar i løyvet på grunn av nytt regelverk frå 1.1.2007. Ta kontakt med kommunen for å få vite endringane i ditt løyve.

Standardar om avløp

Desse standardane kan tingast frå Pronorm:

  • Norsk standard for bestemmelse av personekvivalenter (pe) for avløpsvann (prNS 9426)
  • Norsk standard for måling av vannføring i avløpsrenseanlegg med frispeilstrømming. Bruk av tynnplateoverløp og målerenner (NS 9460)

Relevante lenker

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet