Veiviser til HMS-regelverket

Utslepp av avløpsvann

Utslipp av sanitært avløpsvann fra bygning med innlagt vann, som ikke går til offentlig nett, krever egen tillatelse.

Utslepp av sanitært avløpsvatn frå bygningar med innlagt vatn, som ikkje går til offentleg nett, krev eige løyve.

For anlegg inntil 2000 personekvivalentar (pe) skal du sende søknad med alle nødvendige opplysningar til kommunen.

Søknadsplikta gjeld uansett val av reinseløysing. Du må difor søkje om utsleppsløyve også om utsleppet går til tett tank.

Kravet om løyve gjeld òg utslepp som aukar vesentleg. Du må difor normalt søkje om nytt løyve dersom du planlegg å auke belastninga på eksisterande anlegg.

Søknadsplikta etter forureiningsforskrifta kapittel 12 eventuelt 13 avhengig av storleik, gjeld ikkje dersom utsleppet skal koplast til offentleg avløpsnett i samsvar med plan- og bygningslova § 66 nr. 2, om plikt til å kople til avløpsleidning.

Lokale forskrifter

Enkelte kommunar har vedteke lokal forskrift med eigne føresegner. Påslepp av oppmale matavfall til offentleg avløpsnett frå verksemder og hushald er forbode dersom kommunen ikkje i forskrift gjer unntak frå forbodet.

Forureiningsmyndigheit

Dersom utsleppet er inntil 2000 personekvivalentar (pe) ved utslepp til ferskvatn eller inntil 10 000 pe ved utslepp til sjø, er det kommunen som er forureiningsmyndigheit.


Dersom utsleppet er over 2000 pe ved utslepp til ferskvatn eller over

10 000 pe ved utslepp til sjø, er det Fylkesmannen som er forureiningsmyndigheit.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet