Veiviser til HMS-regelverket

Løyve til byggje- og anleggsverksemd

Bygge- og anleggsvirksomhet som kun er midlertidig (2-3 år) og hvor det kun er tale om vanlig forurensning, er tillatt uten særskilt tillatelse etter forurensningsloven. Virksomheter som ikke oppfyller disse kravene, må ha utslippstillatelse etter forurensningsloven.

Byggje- og anleggsverksemd som berre er mellombels (to–tre år), og der det berre er tale om vanleg forureining, er tillaten utan særskilt løyve etter forureiningslova. Verksemder som ikkje oppfyller desse krava, må ha utsleppsløyve etter forureiningslova.

Ingen har lov til å forureine eller gjere noko som kan føre til forureining.
Dersom byggje- og anleggsverksemda fører med seg ei forureining som ikkje er vanleg med tanke på art og omfang, må du søkje Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova § 11.

Døme på dette er byggje- og anleggsverksemd som utløyser typar av stoff som fører til uvanlege skadeverknader, eller når eit vassdrag med betydelege brukarinteresser står i fare for å bli øydelagt av byggje- og anleggsverksemda.

Dersom forureininga er vanleg og drifta er mellombels, treng du ikkje løyve. Forureiningsmyndigheita reknar ein driftsperiode på to–tre år som mellombels. Ta kontakt med Fylkesmannen dersom du er i tvil om du treng løyve eller ikkje.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet