Veiviser til HMS-regelverket

Tekstiler og utstyrsvarer, klær, skotøy og lærvarer – helse- og miljøfarlege kjemikalier

Ei rekkje kjemikaliar som fargestoff, impregneringsmiddel og flammehemmingsmiddel blir nytta for å gi produkta ønskte eigenskapar og utsjånad. Enkelte stoff som har alvorlege skadeverknader for miljø og helse, er forbodne.

  • Azofargestoff og formaldehyd er regulerte i tekstil- og lêrvarer som kan komme i langvarig kontakt med hud, og i tekstilar for barn under to år, jf. REACH vedlegg XVII, post 43.
  • Enkelte flammehemmarar er regulerte i tekstilar, jf. REACH vedlegg XVII post 4, 7, 8, 44 og 45 og produktforskrifta § 2-7.
  • Ftalat i mellom anna regnjakker og regnvottar til barn under 36 månader er forbode, jf. REACH vedlegg XVII post 51 og 52. Les meir.
  • Antimuggmiddelet dimetylfumarat er forbode i tekstilar og lêr, jf. produktforskrifta § 2-28.
  • Formaldehyd er forbode i tekstilar, jf. produktforskrifta § 2-10.
  • Nikkel: Det er strenge grenser for nikkel i knappar, spenner, naglar, glidelås, metallmerke og liknande brukt i tekstilar. Les meir.
  • Batteri: Det er forbod mot visse typar batteri som er plasserte slik at dei ikkje lett kan fjernast av forbrukaren når dei er utbrukte, til dømes i ”blinkesko”. Les meir.

 

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet