Veiviser til HMS-regelverket

Substitusjonsplikt – helse- og miljøfarlege kjemikalier

Dersom verksemda di bruker eit produkt som kan føre til skade på helse og miljø, skal de vurdere om de kan erstatte produktet med eit som er mindre skadeleg.

Dersom verksemda di bruker eit produkt som kan føre til skade på helse og miljø, skal de vurdere om de kan erstatte produktet med eit som er mindre skadeleg.

Substitusjonsplikta betyr at du pliktar å erstatte helse- og miljøfarlege kjemikaliar med mindre farlege alternativ dersom det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.


Erstatning av kjemikaliar må alltid vurderast heilskapleg med tanke på den faktiske risikoen som ulike alternativ kan utgjere. Før erstatninga må eigenskapane ved dei nye kjemikaliane du planlegg å ta i bruk, vere tilstrekkeleg dokumenterte med tanke på helse- og miljøfare.

Kven gjeld substitusjonsplikta for?

Substitusjonsplikta gjeld for alle verksemder som bruker produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Plikta inkluderer både bruk i drifta til verksemda og bruk som råvare i produkt som verksemda framstiller.

Substitusjonsplikta gjeld både for privat og offentleg sektor, for produksjonsverksemder og tenesteytande verksemder.

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet