Veiviser til HMS-regelverket

Støyande leiketøy

Grenser avheng av type leiketøy

Leiketøyforskrifta seier at leiketøy som er meint å avgi lyd, skal være konstruert slik at det ikkje kan skade barns høyrsel. Krava til støynivået i leiketøy er lista opp i ein standard. Det er ulike støygrenser for forskjellig type leiketøy, basert på korleis leiketøyet fungerer og kor lenge leiketøyet lagar lyd. Det er grenser både for vedvarande støy og for impulsstøy. Nokre leiketøy, til dømes kruttlappistolar og perkusjonleiker, skal ha særskild åtvaringsmerkning, fordi dei kan gi høyrselsskadar dersom dei brukas på feil måte.

Krava til lydnivået frå leiketøy går fram av standarden Sikkerhet ved leketøy Del 1: Mekaniske og fysiske egenskaper (NS-EN 71-1). Standarden kan kjøpast hos Standardiseringen i Noreg.

Standarden fortel korleis målingane skal utførast.

Relevante lenker

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet