Veiviser til HMS-regelverket

Støy fra byggje- og anleggsverksemd

Det kan stillast krav til tillatne støynivå for verksemda di. Krava kan føre til at det må setjast i verk støyreduserande tiltak. Kommunane kan utarbeide reguleringsføresegner og vilkår i rammeløyve etter plan- og bygningslova som regulerer støy frå byggje- og anleggsverksemd. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for kommunane med tilrådde grenseverdiar.

Miljøverndepartementet sine retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442) gir tilrådde grenser for støy frå byggje- og anleggsverksemd (BA-støy). Grensene er lempelege for kortvarig anleggsaktivitet på dagtid, men strengare for langvarig drift.


Retningslinjene bør leggjast til grunn av kommunar og tiltakshavarar i reguleringsplanar, rammeløyve, kontraktar og miljøoppfølgingsprogram.

Hovudpunkta i retningslinjene for BA-støy er:

  • Det bør utarbeidast ein støyprognose for anleggsdrifta. Prognosen bør vere tilgjengeleg for innsyn, også for naboar til anlegget.
  • All støyande anleggsverksemd skal varslast. Omfanget av varslinga er avhengig av storleiken på anlegget.
  • Det er gitt tilrådde støygrenser for dag, kveld og natt. Grensene har korreksjon for varigheit, dvs. at langvarige anlegg får strengare grenser enn kortvarige aktivitetar.
  • Dersom grensene blir overskridne, må det gjennomførast avbøtande tiltak.
  • For mindre arbeid som oppfyller bestemte kriterium, er varsling godt nok som tiltak.

I Oslo gjeld ei eiga lokal forskrift med føresegner om byggje- og anleggsstøy, støyforskrifta for Oslo.

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
  • Kommunen

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet