Veiviser til HMS-regelverket

Retursystemer for emballasje til drikkevarer

Emballasje til drikkevarer er i hovedsak regulert gjennom avgifter. Dette skal hindre forsøpling og sikre høy innsamlingsgrad. 

Utsalsstader som sel drikkevarer på panteflasker, har plikt til å ta i retur tomemballasje som dei sjølve forhandlar. Utsalsstaden skal også betale ut panten i kontantar dersom kunden ønskjer det.

Emballasje til drikkevarer er i hovudsak regulert gjennom avgifter. Dette skal hindre forsøpling og sikre høg innsamlingsgrad.

Utsalsstader som sel drikkevarer på panteflasker, har plikt til å ta i retur tomemballasje som dei sjølve forhandlar. Utsalsstaden skal også betale ut panten i kontantar dersom kunden ønskjer det.

Etablerte retursystem

Emballasje til drikkevarer er i hovudsak regulert gjennom avgifter. Dette skal hindre forsøpling og sikre høg innsamlingsgrad. Etablerte returselskap får reduksjon i miljøavgifta på drikkevareemballasje dersom dei kan vise til større returdel enn 25 prosent. Avgifta blir redusert i takt med stigande returdel, og ved returdelar over 95 prosent blir det gitt fullt fritak.

Det finst fleire godt etablerte retursystem for drikkevareemballasje. Dei største av dei er:

  • flasker av gjenbruksplast eller gjenbruksglas med pant: Bryggeri- og drikkevareforeningen
  • boksar i stål og aluminium og plastflasker med pant (eingongsemballasje til gjenvinning): Norsk Resirk
  • eingongsemballasje i glas utan pant: Norsk Glassgjenvinning AS (Syklus AS)
  • drikkekartong utan pant: Grønt Punkt Norge

Annan emballasje er regulert gjennom frivillige avtalar mellom Miljøverndepartementet og emballasjebransjen. Sjå òg Emballasje, innsamling og gjenvinning.

Retur og pant hos forhandlarar og serveringsstader

Utsalsstader som sel drikkevarer på panteflasker, har plikt til å ta i retur tomemballasje som dei sjølve forhandlar. Utsalsstaden skal også betale ut pant i kontantar dersom kunden ønskjer det.

Kafear, restaurantar og andre serveringsstader

Ved kjøp av drikkevarer i kafear, restaurantar og andre serveringsstader er det normalt at ein betaler for innhaldet i flaska og ikkje sjølve flaska. Serveringsstaden er uansett med i ei returordning og leverer tomemballasjen til bryggjeri/forhandlar og har normalt ein returdel på 100 prosent dersom ein ser bort frå mogleg brekkasje. I tilfelle der serveringsstadene sel drikkevarer som kunden tek med seg ut, er dei å rekne som ein kiosk og skal betale ut pant ved innlevering av tomemballasje.

Relevante lenker

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet