Veiviser til HMS-regelverket

Reingjeringsmiddel – innhald av helse- og miljøfarlege kjemikalier, merking og emballering

Det er krav til innhald av helse- og miljøfarlege kjemikalier, merking og emballering.

 

Krav til merking og emballasje

Reingjeringsmiddel skal merkjast i samsvar med regelverket om klassifisering og merking.

Emballasjen for vaske- og reingjeringsmiddel som blir selde til forbrukarar, skal i tillegg vere påført opplysningar om innhald av visse stoff, jf. produktforskrifta § 2-14. Det er særskilde krav til merking av vaskemiddel som inneheld fosfor, sjå nedanfor. All merking på vaske- og reingjøringsmiddel skal vere på norsk.

Krav til innhald

Fosforinnhald: Det er forbode å produsere, importere og omsetje reingjeringsmiddel med fosfor utover fastsette grenser. Det er ulike grenser for fosforinnhald for ulike typar vaskemiddel. Vaskemiddel med fosfor skal merkjast med informasjon om fosfatinnhald, jf. produktforskrifta §§ 2-12 og 2-13.

Nonylfenol: Det er forbode å produsere, importere, omsetje og bruke nonylfenol og nonylfenoletoksilat i konsentrasjonar på 0,1 vektprosent eller meir til reingjering. Det er unntak for mellom anna reingjering for kjemisk reinsing i kontrollerte lukka system og i spesielle reingjeringssystem der reingjeringsmiddelet blir attvunne eller forbrunne, jf. REACH, vedlegg XVII post 46.

Oktylfenol: Det er forbode å produsere, importere, omsetje og bruke reingjeringsmiddel med oktylfenol og oktylfenoletoksilat, jf. produktforskrifta § 2-5.

Tensid: Det er forbode å produsere, importere og omsetje reingjeringsmiddel med tensid som ikkje er fullstendig biologisk nedbrytbare, jf. produktforskrifta § 2-14.

Kjemikaliane DEGBE og DEGME er strengt regulerte i reingjeringsmiddel til forbrukarar, jf. REACH vedlegg XVII post 54 og 55.

 Les mer om klassifisering og merking

  

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet