Veiviser til HMS-regelverket

Open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er i utgangspunktet forbode.

Næringsavfall

Open brenning av næringsavfall er alltid forbode dersom de ikkje har eit spesifikt løyve til det etter forureiningslova. Det same gjeld forbrenning av næringsavfall i småomnar.

Lokale forskrifter kan opne for visse typar brenning utan løyve

Open brenning av hushaldsavfall eller brenning av hushaldsavfall i småomnar kan vere lovleg dersom det ligg føre løyve etter forureiningslova, eller dersom forureininga er rekna som vanleg. Kommunen kan også vedta ei forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar som presiserer kva typar vanleg forureining som er lovlege i den aktuelle kommunen.

Til vanleg forureining reknar ein til dømes halmbrenning i jordbruket, flatebrenning i skogbruket og opptenning/brenning av avispapir i vedomnen heime eller på hytta.

Dersom kommunen har vedteke forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, vil denne forskrifta kunne opne for visse typar brenning utan løyve. Det kan til dømes vere open brenning på grillinnretningar, utepeisar, kaffibål, halmbrenning på stubb i jordbruket og brenning av avfallstrevirke i vedomn i hushaldet, med unntak av impregnert og måla trevirke.

Kommunen er tilsynsmyndigheit

Kommunen fører tilsyn med all open brenning og brenning av avfall i småomnar. Kommunen kan mellom anna påleggje den som forureinar, å sørgje for å stanse, fjerne eller avgrense verknaden av forureininga, gi forureiningsgebyr og melde ulovleg forureining til politiet.

På nettstaden Lovdata kan du finne om din kommune har fastsett lokale forskrifter om open brenning og brenning av avfall.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Miljødirektoratet