Veiviser til HMS-regelverket

Varsling av utslepp av radioaktive stoff

Dersom det har oppstått eit uhell / ei ulykke som gjer at radioaktive materiale eller stoff blir sleppte ut til miljøet, skal du ringje næraste politimyndigheit eller politi på nødtelefon (112). 

Kven skal du varsle, og når?

  • Dersom det skjer eit uhell eller ei ulykke og det blir sleppt ut radioaktive stoff: Ring politi (112).
  • Ring Statens strålevern (tlf. 67 16 26 00).

Kven har ansvar for å varsle?

Den som er ansvarleg for dei radioaktive kjeldene, har plikt til å varsle.

Kva skal varslast?

  • akutt radioaktiv forureining, dvs. radioaktiv forureining av betydning som oppstår plutseleg, og som ikkje er lovleg
  • fare for akutt radioaktiv forureining
  • utilsikta utslepp av radioaktive stoff til omgivnadene

Alle har uansett plikt til å varsle dersom dei veit om ei kjelde som kan gjere at personar eller miljøet blir utsett for radioaktiv forureining.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Strålevernet