Veiviser til HMS-regelverket

Varsling av ulykker og unormale hendingar med stråling

Dersom det har oppstått eit uhell / ei ulykke som gjer at radioaktive materiale eller stoff blir sleppte ut til miljøet, skal du ringje næraste politimyndigheit eller politi på nødtelefon (112). 

Kva skal varslast?

Døme på ulykker og unormale hendingar

  • at arbeidstakarar ved ein feil er komne inn i primærstrålen frå strålekjelder, feil eller svikt i apparatur som har eller kunne ha ført til vesentleg forhøgd stråledose til pasient eller arbeidstakar
  • at tilfeldige personar ved ein feil har komme inn i eit kontrollert område og slik kan ha fått dosar over 0,25 mSv, til dømes ved opphald innanfor avsperring ved industriell radiografi eller ved innvendig reinhald av tankar med strålekjelda (nivåvakta) i open posisjon
  • høge huddosar som kan føre til forbrenningsskadar på pasientar innan røntgendiagnostikk og intervensjon
  • søl med radioaktive løysningar som ikkje lèt seg fjerne på enkelt vis
  • funn av kjelder utan eigar (særleg aktuelt for verksemder som behandlar ulike typar avfall)

Du finn utfyllande informasjon i dei ulike strålingstemaa i rettleiarane til Strålevernet

Kven har ansvar for å varsle?

Den som er ansvarleg for strålekjeldene, har plikt til å varsle.

Alle har plikt til å varsle dersom dei finn ei kjelde, veit om ei kjelde eller er usikker på om dei har funne ei kjelde som kan gjere at folk eller miljø blir utsett for stråling eller radioaktiv forureining.

Når og korleis skal du varsle?

  • Du skal varsle så raskt som mogleg, men dersom det ikkje er akutt fare for liv, helse eller miljø, kan du varsle innanfor normal arbeidstid til Statens strålevern, sentralbord 67 16 25 00.

Er det akutt, ring vakttelefonen 67 16 26 00.

E-postvarsel sender du til mail@nrpa.no.

Eit varsel til Statens strålevern skal minst innehalde denne informasjonen:

  • tid, stad og kontaktinformasjon
  • hendingsgangen med beskriving av
    - strålekjelda
    - eventuelle stråledosar til individ
    - eventuelt radioaktivt utslepp til miljø

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Strålevernet