Veiviser til HMS-regelverket

Løyve til å handtere radioaktivt avfall

Statens strålevern kan etter søknad gi løyve til verksemder som handterer radioaktivt avfall.

Verksemder som handterer radioaktivt avfall, dvs. tek imot, mellomlagrar, behandlar eller på annan måte disponerer radioaktivt avfall, skal ha løyve frå Statens strålevern.

Unntak frå krav om løyve til handtering av radioaktivt avfall

  • Verksemder som har løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet til å handtere farleg avfall, kan handtere radioaktivt avfall som ikkje er over grensa for deponeringspliktig radioaktivt avfall.
  • Verksemder som har løyve til utslepp av radioaktiv forureining, og der handtering av eigenprodusert radioaktivt avfall er inkludert, treng ikkje eit særskilt løyve for handtering av eige radioaktivt avfall.
  • Forhandlarar som tek imot radioaktivt avfall frå tilsvarande produkt som dei omset, treng ikkje særskilt løyve.

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Strålevernet