Veiviser til regelverk for virksomheter

Merking, registrering og rapportering av svin

Alle eigarar av svin har plikt til å merkje dyra sine med godkjente øyremerke. Slaktegris kan i staden for øyremerke merkast med tatovering på skinka. Bestilling av øyremerke skal registrerast i Mattilsynet sitt register over øyremerke, merkeregisteret. Svineeigarar skal føre journal over alle dyra og ha oversikt over alle tilfelle av sjukdom og behandling av dyr.

Merking av svin som skal brukast i avl

Svin som er født i Noreg, skal merkast med eit gult øyremerke før dei er 30 dagar gamle. Dyra skal likevel vere merkt før dei blir sendt frå dyrehaldet dei er født i. Trerasekrysninga Noroc kan merkast med grønt merke.
Kvar gong dyr skal flyttast til eit nytt dyrehald i Noreg, skal det merkast med eit kvitt øyremerke innan 7 dagar etter det kjem til det nye dyrehaldet. Det kvite øyremerket kjem i tillegg til det gule opphavsmerket. Det skal vere prega på førehand med det nye dyrehaldet sitt identitetsnummer og eit nytt individnummer med fire eller fem siffer.
 

Merking av svin du skal fôre opp til slakt

Som alternativ til øyremerke, kan du merkje slaktegris med tatovering. Tatoveringa skal sitje på skinka, innehalde dyrehaldet sitt identitetsnummer eller leverandørnummer ved slakteriet. Tatoveringa skal seinast vere ført på når dyret blir ført til slakt.
 
Smågris som etter fast avtale skal leverast for oppfôring til slakt, og til ein produsent som berre tek imot smågris frå denne eine smågrisprodusenten, kan forlate dyrehaldet dei er født i utan å vere merkt. Mottakar skal merkje dyra før dei blir sendt frå dyrehaldet. Ved levering til slakt gjer de dette med tatovering på skinka.
 

Krav til øyremerke

Øyremerka skal vere godkjent av Mattilsynet. Dei skal på førehand vere prega med denne informasjonen:
  • Mattilsynet: MT
  • Nasjonalitet: NO
  • Dyrehaldet sitt identitetsnummer: 8 siffer
  • Individnummer: 4 eller 5 siffer. Det krevst ikkje individnummer på øyremerke til slaktegris.
Informasjon utover dette kan berre førast på på innsida av øyremerka, for eksempel namn på eigaren.
 
Det skal gå minimum 10 år før eit individnummer kan brukast på nytt i same buskap.
Registrering av bestilling
Bestilling av merke skal registrerast i merkeregisteret til Mattilsynet. Dette er dyreeigaren sitt ansvar, men merkeprodusenten kan gjere det på vegner av dyreeigaren.
 

Dyrehaldjournal

Den som held dyr, er ansvarleg for at det blir ført ein journal over alle dyr i dyrehaldet. Journalen skal du oppbevare i minimum 10 år, og den skal innehalde:
  • Det unike identitetsnummeret til kvart dyr, unnateke for slaktegris
  • Fødselsdato, eller fødselsmånad og -år
  • Datoen for når dyret døyr, eller dato for levering til slakt, eventuelt månaden og året dyret døydde
  • Alle overføringar og andre flyttingar, permanente eller førebelse, inn og ut av dyrehaldet, og:
    • Namn og adresse på avsendar eller mottakar
    • Identitetsnummer til dyrehalda
    • Kor mange dyr som blir overført eller flytta
    • Dato for flytting
    • Det nye identitetsnummeret til dyret ved overføring til dyrehaldet

 

    • Andre situasjonar der dyr i dyrehaldet kjem i kontakt med dyr frå andre dyrehald, dato for slik kontakt og kva for dyr det gjeld.
    • Mottekne øyremerke


Helsekort

Den som held dyra, er ansvarleg for at det blir ført oversikt over sjukdom og behandling av alle dyr som til ei kvar tid er i dyrehaldet, også førebyggande helsearbeid.
Ved overføring til nytt dyrehald, skal helsekortopplysningar følgje med dyret.
Den som held dyret, skal ta vare på dyrehelsekortet i 10 år.
Rapportering til Mattilsynet sitt sentrale svinehaldsregister
Dyrehaldar med svin har plikt til å rapportere desse opplysningane om dyrehaldet til Mattilsynet sitt sentrale svinehaldsregister:
  • Adressa til dyrehaldet
  • Namn, adresse og telefonnummer til eigaren av dyra
  • Storleiken på buskapen
  • Type produksjon

Ved flytting av svin til nytt dyrehald, også til slakteri eller til og frå utstillingar, er mottakar ansvarleg for å rapportere følgjande til Mattilsynet:

  • Namn og adresse på avsendar og mottakar
  • Identitetsnumra til dyrehalda
  • Kor mange svin som har blitt overført
  • Avsendardato
  • Mottaksdato

Rapporteringa skal skje seinast 7 dagar etter at mottakaren har teke imot dyra. Rapporteringa kan gjerast av andre på oppdrag frå den som tek imot dyra.

Relevante lenker

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Mattilsynet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































  Fyll inn din epostadresse

Avbestill nyhetsbrev


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Strålevernet
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)
  • NSO
  • DSB
  • Mattilsynet
  • Nærings- og handelsdepartementet