Alle eigarar av lama og oppdrettshjort har plikt til å merkje dyra sine med godkjente øyremerke. Bestilling av øyremerke skal registrerast i Mattilsynet sitt register over øyremerke, merkeregisteret. Eigarar av lama og oppdrettshjort skal føre journal over alle dyra og ha oversikt over alle tilfelle av sjukdom og behandling av dyr.
Merking av lama
Lama som er født i Noreg skal merkast med eit gult øyremerke før dei er 14 dagar gamle. Dyra skal likevel vere merkt før dei blir sendt frå dyrehaldet dei er født i, også når dei blir sleppt på beite.
Kvar gong dyr skal over til eit nytt dyrehald i Noreg, skal dei merkast med eit kvitt øyremerke innan 7 dagar etter framkomsten til det nye dyrehaldet. Det kvite øyremerket kjem i tillegg til det gule merket dyret fekk der det kom frå. Merket skal vere prega på førehand med det nye dyreholdet sitt identitetsnummer og eit nytt individnummer med fire siffer.
Merking av oppdrettshjort
Oppdrettshjort som er født i Noreg, skal merkast med eit gult øyremerke ved første samling etter fødselen, men likevel før dei blir sendt frå dyrehaldet dei er født i.
Kvar gong dyr skal over til eit nytt dyrehald i Noreg, skal dei merkast med eit kvitt øyremerke innan 7 dagar etter framkomsten til det nye dyrehaldet. Det kvite øyremerket kjem i tillegg til det gule merket dyret fekk der det kom frå. Merket skal vere prega på førehand med produsentnummeret til den nye eigaren og eit nytt individnummer med fire siffer.
Krav til øyremerke
Øyremerka skal vere godkjent av Mattilsynet. Dei skal vere førehandsprega med denne informasjonen:
- Mattilsynet: MT
- Nasjonalitet: NO
- Dyrehaldet sitt identitetsnummer: 8 siffer
- Individnummer: 4 siffer.
Informasjon utover dette kan berre førast på på innsida av øyremerka, for eksempel namn på eigaren.
Det skal gå minimum 10 år før eit individnummer kan brukast på nytt i same buskap.
Registrering av bestilling
Bestilling av merke skal registrerast i merkeregisteret til Mattilsynet. Dette er dyreeigaren sitt ansvar, men merkeprodusenten kan gjere det på vegner av dyreeigaren.
Dyrehaldjournal
Den som held dyr, er ansvarleg for at det blir ført ein journal over alle dyr i dyrehaldet. Journalen skal du oppbevare i minimum 10 år, og den skal innehalde:
- Det unike identitetsnummeret til kvart dyr
- Fødselsdato, eller fødselsmånad og –år
- Datoen dyret døyr, eller dato for levering til slakt, eventuelt månaden og året dyret døydde
- Alle overføringar og andre flyttingar, permanente eller førebelse, inn og ut av dyrehaldet, og:
- Namn og adresse på avsendar eller mottakar
- Identitetsnummer til dyrehalda
- Kor mange dyr som blir overført eller flytta
- Dato for flytting
- Det nye identitetsnummeret til dyret ved overføring til dyrehaldet
- Andre situasjonar der dyr i dyrehaldet kjem i kontakt med dyr frå andre dyrehald, dato for slik kontakt og kva for dyr det gjeld.
- Mottekne øyremerke
Helsekort
Den som held dyr, er ansvarleg for at det blir ført oversikt over sjukdom og behandling av alle dyr som til ei kvar tid er i dyrehaldet, også førebyggande helsearbeid.
Ved overføring til nytt dyrehald, skal helsekortopplysningar følgje med dyret.
Den som held dyret, skal ta vare på dyrehelsekortet i 10 år.
Relevante lenker
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: