Når du tek inn levande dyr til Noreg, må du på førehand varsle myndigheitene. Du må varsle det lokale Mattilsynet på framkomststaden eller tilsynsveterinæren i den verksemda som skal ta imot sendinga.
Meldinga skal vere framme seinast 24 timar før dyret/dyra kjem fram til framkomststaden. Meldinga skal sendast på eit fastsett skjema og minst innehalde følgjande opplysningar:
- Namn og adresse til verksemda og organisasjonsnummer eller personnummer
- Framkomsttid og endeleg framkomststad
- Avsendarland
- Kor mange einingar (dyr) det er i sendinga
- Varegruppe og tolltariffnummer (8 siffer) i tråd med inndeling i norsk tariff
- Identiteten på sendinga
Ved innførsel av levande dyr som har krav til helsesertifikat, vil første del av helsesertifikatet fyllast ut i ein felles EU-database (TRACES), og deretter bli sendt elektronisk til Mattilsynet for godkjenning. Dette skjer i avsendarlandet.
For registrerte dyr av hestefamilien gjeld ikkje kravet til melding om innførsel.
Sjå infoartikkel på Mattilsynet sine nettsider (lenkje nedanfor) om kva som skal meldast i ulike meldesystem.
Relevante lenker
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: