Når du importerer levande dyr til Noreg, skal du på førehand varsle grensekontrollstasjonen. Dette gjer du ved å fylle ut eit CVED-dokument.
Ved import frå tredjestat skal den ansvarlege for lasten gi melding om sendinga gjennom eit såkalla CVED-dokument. CVED er eit felles veterinærdokument til bruk ved import frå tredjestat.
Import av levande dyr frå tredjestat skal registrerast i ein felles EU-database (TRACES). Dette gjer du ved å fylle ut del 1 av CVED, som du så sender til den grensekontrollstasjonen der sendinga skal gjennomgå veterinær grensekontroll.
CVED-dokumentet kan du fylle ut og sende inn elektronisk eller manuelt. Det er den offentlege veterinæren som er ansvarleg for grensekontrollstasjonen som fyller ut del 2 av dokumentet når kontrollen er gjennomført.
Importen skal vere meldt inn til grensekontrollstasjonen seinast 24 timar før dyra kjem dit.
Sjå infoartikkel på Mattilsynet sine nettsider (lenkje nedanfor) om kva som skal meldast i ulike meldesystem.
Relevante lenker
Publikasjoner
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: