Sædstasjonane skal vere konstruert eller isolert på slik måte at kontakt med dyr frå buskapar utanfor ikkje kan finne stad. Sædstasjonane skal også vere konstruert slik at dei lett let seg reingjere og desinfisere.
Sædstasjonen skal minst ha tilgang på:
- Oppstallingslokale for dyr som kan låsast, og når det er krav om det eit mosjonsområde for dyr av hestefamilien
- Lokale for isolering av dyr, som ikkje har nokon direkte tilknyting til dei vanlige oppstallingslokala
- Eige lokale for sæduttak samt eit separat rom til reingjering og desinfisering eller sterilisering av utstyr
- Rom for behandling av sæd som er åtskilt frå lokale for sæduttak, og som ikkje nødvendigvis må liggje på same stad
- Rom for oppbevaring av sæd, som ikkje nødvendigvis må liggje på same stad
Innsamlingsgruppe skal vere godkjent for uttak av eggceller og embryo av kompetent myndigheit i avsendarlandet.
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: