Det er viktig at sæd, eggceller og embryo kjem frå friske dyr, og at desse dyra har gått gjennom dei nødvendige testane som er pålagt i forskrift.
Regelverket stiller også krav til kor lenge eit dyr må ha oppheldt seg på ein stad før innsamlinga finn stad.
Det er krav til helsestatus i tredjeland. Landet der sæden, eggcellene og embryoa opphavleg kjem frå, må oppfylle ein del tilleggskrav for tredjeland. Sjå den enkelte særforskrifta for kva krav som gjeld for det produktet du vil ta inn til Noreg.
Regelverk
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av embryo av storfe, §§ 8, 9 og 13
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av sæd, eggceller og embryo av visse dyrearter, §§ 7 og 8
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel av hundesæd til Norge, §§ 9 og 10
-
Forskrift om dyrehelsemessige vilkår for produksjon, import, eksport og bruk av rånesæd, § 14
-
Forskrift om dyrehelsemessige vilkår for produksjon, lagring, import og eksport av oksesæd, §§ 14 og 15
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: