Veiviser til regelverk for virksomheter

Innførsel av akvariedyr

Når du skal ta inn akvakulturdyr til Noreg, må sendinga oppfylle dei vilkåra omsetjingsforskrifta set ut frå omsyn til dyrehelsa. Forskrifta gjeld ikkje privat innførsel av akvariedyr som ikkje er berekna for vidaresal. Dette inneber blant anna at det ikkje er spesielle krav ut frå omsyn til dyrehelse når privatpersonar tek inn akvariefisk til eige akvarium.

Vær særleg merksam på følgjande ved kommersiell innførsel av akvariedyr:

  • Det er forbode å ta inn hummar- og krepseliknande dyr som lever i ferskvatn til akvarium. Du kan ta inn andre evertebratar (virvellause dyr) til akvarieformål.
  • Akvatiske dyr du fører inn til akvarium skal vere friske og kan ikkje kome frå anlegg som er pålagt restriksjonar.
  • Transport av dyr skal skje over kortast mogleg tidsperiode i samsvar med krav som er stilt til transport ut frå omsyn til dyrehelse og på ein forsvarleg måte ut frå omsyn til dyrevern.

Ved innførsel frå EØS gjeld i tillegg:

  • Tempererte akvakulturdyr av ikkje-mottakelege artar skal oppfylle vilkåra i omsetjingsforskrifta og vere følgt av transportdokument. Transportdokument skal vere frå seinast 48 timar før lasting.
  • Kvar sending skal vere tydelig merka slik at det er mogleg å spore sendinga tilbake til den opphavlege avsendaren.

Ved import frå land utanfor EØS gjeld i tillegg:

  • Det er forbode å importere levande tempererte akvakulturdyr av mottakelege artar frå land utanfor EØS.
  • Tempererte akvakulturdyr av ikkje mottakeleg art og tropiske akvakulturdyr kan importerast frå land utanfor EØS når dei er følgt av helsesertifikat. Helsesertifikatet skal vere frå seinast 48 timar før lasting.


Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Mattilsynet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































  Fyll inn din epostadresse

Avbestill nyhetsbrev


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Strålevernet
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)
  • NSO
  • DSB
  • Mattilsynet
  • Nærings- og handelsdepartementet