Om du skal ha transport av levande dyr som verksemd, må du ha godkjenning frå Mattilsynet. Transportørar kan godkjennast for transport av dyr på reiser som varer i inntil åtte timar, eller for reiser som også varer over åtte timar, såkalla lange reiser.
Som transportør er du ansvarleg for at dyra blir transportert i tråd med regelverket om dyrevern, og at berre tilsette som har fått tilstrekkeleg opplæring, får ansvaret for dyra.
Du må oppfylle somme vilkår for å kunne få godkjenning som transportør. Vilkåra er strengare for dei som skal transportere dyr på lange reiser enn for dei som berre skal transportere dyr i inntil åtte timar.
Viktigaste vilkår for godkjenning som transportør for reiser som varer inntil åtte timar:
- Du må vere etablert i det landet du søkjer om godkjenning i
- Du må vise at du har eigna personale, transportmiddel og driftsmetodar til å kunne overhalde regelverket
- Du har ikkje gjort deg skyldig i alvorlege brot på regelverket om dyrevern dei siste tre åra
Viktigaste vilkår for godkjenning som transportør for lange reiser:
- Du må oppfylle alle krav til transportørar som berre skal transportere dyr på korte reiser
- Du må vise at sjåførane og dei som følgjer sjåførane dine har gyldig kompetansebevis
- Du må vise at transportmidla dine har gyldig godkjenning frå Mattilsynet
- Du må vise at du har system for korleis du kan spore og registrere dei transportmidla du har ansvaret for, og korleis du til ei kvar tid kan kontakte alle sjåførane
- Du må vise at du har beredskapsplanar til bruk i nødssituasjonar
- Om du skal transportere småfe, storfe, svin eller uregistrerte hestar, må du vise at du har navigasjonssystem på transportmidla
Mattilsynet godkjenner
Det er Mattilsynet som godkjenner transportørar i Noreg. For å få godkjenning som transportør, må du søkje på fastsett skjema, sjå nedanfor.
Godkjenninga er gyldig i maksimum fem år. Det skal alltid finnast ein kopi av godkjenningsdokumentet i transportmidla når desse er i bruk til transport av dyr. Transportørar frå andre EØS-land skal vere godkjent i det landet dei høyrer heime. Transportørar frå land utanfor EØS (tredjeland) skal også vere godkjent i eit EØS-land.
Publikasjoner
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: