Levande dyr skal ved innførsel til Noreg følgjast av eit helsesertifikat, som stadfestar at dyret tilfredsstiller dei vilkåra myndigheitene stiller for dyra si helse ved innførsel.
Levande dyr som førast inn i Noreg, skal ha følgje av eit helsesertifikat i original. Sertifikatet skal vere underskrive av offentleg veterinær i avsendarlandet. Helsesertifikatet skal vere på minst eitt av dei offisielle språka i mottakarlandet, og er gyldig i ti dagar.
Helsesertifikatet skal vere fylt ut etter malen som gjeld for vedkommande dyr. Det skal stadfeste at dyret tilfredsstiller dei vilkåra for dyra si helse som myndigheitene stiller for innførsel, og samtidig innehalde attestasjon for at eventuelle tilleggsgarantiar, eller andre særskilte krav, er oppfylt.
Det skal vidare gå fram av helsesertifikatet at dyra er kontrollert av ein offentleg veterinær i avsendarlandet. Det skal også gå fram at veterinæren har kontrollert at transportreglane blir følgt, særleg med tanke på vatning og fôring.
Om dyret blir frakta gjennom ein godkjent oppsamlingssentral i eit anna EØS-land før det kjem til mottakarlandet, skal dyret ha følgje av to helsesertifikat; eitt frå avsendarlandet og eitt frå oppsamlingssentralen i transittlandet. Begge helsesertifikata skal vere skrive ut av offentleg veterinær.
Ved innførsel av levande dyr med krav til helsesertifikat vil første del av helsesertifikatet fyllast ut i den felles EU-databasa kalla TRACES.
Relevante lenker
Regelverk
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av levende pattedyr, fugler, reptiler, amfibier, bier og humler, § 5
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien, § 6
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av fjørfe og rugeegg, § 5
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av storfe, § 6
-
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av svin, § 6
-
Forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe, § 7
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: