Du skal føre oversikt over kvart transportoppdrag. Kva for opplysningar du skal føre inn i journalen, er avhengig av kva for dyreart som skal transporterast og av reiselengda.
Den som transporterer dyr, skal ha med seg dokument som gir informasjon om:
- Opphavet og eigaren til dyra
- Kvar transporten starta
- Datoen og klokkeslettet for når transporten starta
- Planlagt bestemmingsstad
- Kor lenge den planlagde reisa er forventa å vare og kor lenge ho faktisk varer.
Dokumenta skal vere i transportmiddelet under transport.
Ved lange reiser (over 8 timar) ut av landet, skal ein ved transport av uregistrert hest, storfe, småfe og svin, fylle ut ei eiga dagbok (reiseplan), og den planlagde reisa skal på førehand vere godkjent av Mattilsynet.
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: