Veiviser til HMS-regelverket

Skjenking av alkoholhaldig drikk

Skal du drive hotell eller restaurant og ønskjer å servere alkohol, må du søkje om skjenkebevilling frå den kommunen restauranten eller hotellet ligg i. Kommunen gir bevilling til den juridiske eininga som har den direkte økonomiske interessa i, og ansvaret for, salet av alkohol. Du kan få bevilling for inntil fire år av gongen.
Du kan også få bevilling for ein bestemt del av året, for eit enkelt bestemt høve eller som ambulerande bevilling til lukka selskap.
 
Du har ikkje krav på å få bevilling. Det er opp til kommunen å vurdere om ein skal gi bevilling, men kommunen må grunngi eit eventuelt avslag.
 

Kor sterk alkohol kan du servere?

Det er også opp til kommunen å vurdere kva for type alkoholhaldig drikk du får bevilling til å skjenke. 
 

Du kan få bevilling for skjenking av alkoholhaldig drikk i

 
  • gruppe 1: drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • gruppe 2: drikk som inneheld over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol
  • gruppe 3: drikk som inneheld mellom 22 og 60 volumprosent alkohol.

Bevillingshavar må ha uklanderleg vandel

For å få skjenkebevilling må bevillingshavar og personar med vesentleg innverknad på verksemda ha uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova, samt skatte- og avgifts- og rekneskapslovgivinga.

 

Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha uklanderleg vandel og bestå kunnskapsprøva

For kvar bevilling må de utpeike ein styrar og ein person som kan tre i staden for styrar når han eller hun ikkje er til stades. Desse må ha uklanderleg vandel når det gjeld forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova. 
 
Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha godkjenning av kommunen som bevillingsmyndigheit, dei må vere over 20 år, og dei må ha bestått kunnskapsprøva. Denne prøva kan dei avleggje hos kommunen.

Styrar og person som trer i staden for styrar, må vere tilsett i restauranten / på hotellet, eller dei må jobbe der i kraft av si eigarstilling. Det er berre den som har styringsrett over skjenkinga, som kan utnemnast til styrar.
 

Om styrar sluttar, må du som bevillingshavar straks søkje kommunen om godkjenning av ny styrar.

 

Krav til internkontroll

Om du får skjenkebevilling, må du sørgje for at verksemda har tilstrekkeleg godt internkontrollsystem. Les meir om internkontroll

 

Aldersgrenser, salstider og andre krav ved skjenking av alkohol

Skjenking av alkohol må heile tida vere i tråd med dei vilkåra som er gitt i bevillinga, i alkohollova og forskrifter til alkohollova, og elles gå føre seg på ein forsvarleg måte.
 
Dette inneber at de må følgje skjenketider, aldersgrensebestemmingar for den som skjenker drikken, alkoholreklameforbodet, mengdegrenser med meir.
 
Det er viktig å merke seg at det er forbode å skjenke alkohol til mindreårige, eller til personar som er openbart påverka. De kan heller ikkje skjenke nokon på ein slik måte at han eller ho må kunne reknast å bli openbart påverka.
 

Inndraging av bevilling

Om de bryt vilkåra, ikkje skjenker i henhald til alkohollova og forskrifter til alkohollova eller ikkje skjenker alkoholholdig drikk på ein forsvarleg måte, kan kommunen inndra bevillinga for kortare eller lengre tid. Kommunen kan også inndra bevillinga dersom de ikkje har nytta ho i løpet av det siste året.
 

1. januar 2016 trer reglene om prikktildeling i kraft, og kommunene vil da være forpliktet til å tildele prikker ved regelbrudd og inndra bevillinger ved 12 tildelte prikker. En overtredelse kan medføre fra en til åtte prikker, se alkoholforskriften § 10-3.

 

Utviding av skjenkebevilling - tilverking og innføring for skjenking i eiga verksemd

Om du har kommunal skjenkebevilling for servering av alkohol eller ønskjer å starte opp denne type verksemd, kan kommunen etter ei vurdering utvide skjenkebevillinga.
 

Kommunen kan utvide skjenkebevillinga til å omfatte:

  • tilverking av alkoholhaldig drikk som inneheld over 2,5 og mindre enn 22 volumprosent alkohol til skjenking i eiga verksemd
  • innføring av alkoholhaldig drikk for skjenking i eiga verksemd

Kommunen kan gi slik utvida bevilling samtidig med eller som tillegg til ei allereie eksisterande skjenkebevilling. Myndigheitene stiller ikkje ytterlegare krav for å ha ei slik utvida bevilling enn dei som gjeld for skjenkebevillinga.

Innføring av alkohol

Ei bevilling kan berre utvidast til å omfatte innføring av dei same drikkane som de har bevilling til å skjenke.
 
Om de har løyve til å innføre alkoholhaldig drikk, kan de berre skjenke drikken ved den skjenkestaden som har den skjenkebevillinga løyvet er knytt til. De kan ikkje omsetje alkoholen på annan måte.
 
Løyve til innføring kan ikkje gis til skjenkebevilling for ein bestemt del av året, ei enkelt høve eller til ambulerande bevilling for slutta selskap.
 

Tilverking av alkohol

Ei bevilling kan berre utvidast til å omfatte tilverking av dei same drikkane som de har bevilling til å skjenke. Kommunen kan ikkje gi utvida bevilling for brennevin.
 
Om de har løyve til å tilverke alkoholhaldig drikk, kan de berre skjenke drikken ved den skjenkestaden som har den skjenkebevillinga løyvet er knytt til. De kan ikkje omsetje alkoholen på anna måte.
 
De kan også få utviding av kommunal skjenkebevilling for tilverking for skjenking i eiga verksemd for ein bestemt del av året eller for ei enkelt bestemt høve, for eksempel til gardar som har turisme og selskapsarrangement som tilleggsverksemd og berre treng skjenkebevilling ved dei enkelte arrangementa.
 

Formålet med løyve til lokal tilverking av alkohol

Bakgrunnen for ordninga er å fremje potensialet som ligg i kombinasjonen lokale tradisjonar og næringsutvikling generelt, og forholdet lokal mat, drikk og turisme spesielt.
 
Det er eit vilkår at tilverkinga står fram som del av det heilskaplege tilbodet og karakteren til serveringsstaden. Kommunane står like fritt når dei behandlar søknader om utvida bevilling til å omfatte tilverking, som dei står når dei behandlar søknader om ordinær skjenkebevilling.

 

Ordninga er meint å gi små verksemder muligheit til å få tilverkingsløyve på ein måte som er enklare å administrere og rette seg etter enn statleg tilverkingsbevilling og registrering som importør etter særavgiftsforskrifta.

Krav til registrering ved tilverking av alkohol

Det er viktig å vere merksam på at bevillingshavar må kontakte Tollvesenet og Mattilsynet for registrering av verksemda før de produserer alkoholhaldig drikk.

 

Eigne krav i avgifts- og næringsmiddelregelverket

Avgiftslovgivinga har eigne bestemmingar om særavgift, registreringsplikt og tryggingsgaranti for verksemder som fører alkoholhaldig drikk inn i landet. Det er Tollvesenet som forvaltar dette regelverket.
 
Hotell- og restaurantverksemd som får kommunalt løyve til tilverking av alkoholhaldig drikk, må også følgje regelverket for produksjon av næringsmiddel.

 

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
  • Kommunen

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Helsedirektoratet