Veiviser til HMS-regelverket

Skjenking av alkohol på tog

Du kan få skjenkebevilling frå kommunen eller frå Helsedirektoratet.
 
Ønskjer du skjenkebevilling på eit tog som er offentleg/kollektivt transportmiddel, må du søkje Helsedirektoratet om statleg skjenkebevilling. Med "offentleg/kollektivt transportmiddel" meiner myndigheitene at toget går til bestemte tider, stoppar på bestemte stader og er opent for alle.
 
For tog som ikkje er i bruk som kollektive transportmiddel, men som blir brukt til for eksempel charter-turar, sightseeing-turar, rundturar og leievogner, må du søkje om kommunal skjenkebevilling i den kommunen toget er i.
Du har ikkje krav på å få verken statleg eller kommunal bevilling. Det er opp til bevillingsmyndigheita å vurdere om ein skal innvilge ein søknad om bevilling, men både kommunen og Helsedirektoratet må grunngi eventuelle avslag på søknader.
 

Bevillingshavar må ha uklanderleg vandel

Felles for dei to bevillingstypane er at bevillingshavar og personar med vesentleg innverknad på verksemda må ha uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i annen lovgiving som har samnheng med formåla i alkohollova, samt skatte- og avgifts- og rekneskapslovgivninga.
 

Krav til internkontroll

Om du får skjenkebevilling, må du sørgje for at verksemda har tilstrekkeleg godt internkontrollsystem.
 
 

Aldersgrenser, salstider og andre krav ved skjenking av alkohol

Skjenking av alkohol må heile tida vere i tråd med dei vilkåra som er gitt i bevillinga, i alkohollova og forskrifter til alkohollova, og elles gå føre seg på ein forsvarleg måte.

Dette inneber at de må følgje skjenketider, aldersgrensebestemmingar for den som skjenker drikken, alkoholreklameforbodet, mengdegrenser med meir.
 
Det er viktig å merke seg at det er forbode å skjenke alkohol til mindreårige, eller til personar som er openbart påverka. De kan heller ikkje skjenke nokon på ein slik måte at han eller ho må kunne reknast å bli openbart påverka.

 

Statleg skjenkebevilling for tog


Ein kan berre få statleg bevilling om bord på tog for skjenking av drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol.
 

Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha uklanderleg vandel og bestå kunnskapsprøva

For kvar bevilling må de utpeike ein styrar og ein person som kan tre i staden for styrar når han eller hun ikkje er til stades. Desse må ha uklanderleg vandel når det gjeld forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova. 

 
Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha godkjennes frå Helsedirektoratet, dei må vere over 20 år, og dei må ha bestått kunnskapsprøva. Kunnskapsprøva kan dei avleggje hos Helsedirektoratet.
 
Styrar og person som trer i staden for styrar, må vere tilsatt i firmaet som har bevilling, eller dei må jobbe der i kraft av si eigarstilling. Det er berre den som har styringsrett over skjenkinga, som kan utnemnast til styrar.
 
Om styrar sluttar, må du som bevillingshavar straks søkje kommunen om godkjenning av ny styrar.

 

I ei statleg skjenkebevilling for tog kan Helsedirektoratet setje dei vilkåra og innskrenkingane direktoratet ser nødvendige. Om den statlege skjenkebevillinga gjeld for eitt eller fleire tog, er avhengig av ei konkret vurdering. Bevillinga kan for eksempel omfatte fleire tog som trafikkerer den same strekninga.
 

Innførsel av alkohol

Du kan søkje Helsedirektoratet om å få den statlege skjenkebevillinga di utvida til å omfatte innførsel av den type alkohol som bevillinga gjeld for. Denne drikken kan du berre bruke til skjenking i eiga verksemd.
 

Inndraging av skjenkebevilling

Ei statleg bevilling blir gitt for ”inntil vidare”. Helsedirektoratet kan kva tid som helst inndra bevillinga, uavhengig av om det har skjedd brot på bestemmingane i alkohollova.
 

Kommunal skjenkebevilling for tog


Eit tog treng kun kommunal skjenkebevilling frå den kommunen turen startar i, sjølv om toget har korte stopp i andre kommunar undervegs for å sleppe av og ta opp turdeltakarar.
 
Dersom toget har stopp/opphald i fleire kommunar der ein kan gjennomføre skjenking av alkohol på same måte som om toget var ein serveringsstad i kommunen, og også skjenker gjestar som ikkje er med på reisa, må toget ha bevilling frå desse kommunane.
 
Ei kommunal bevilling gjeld for inntil fire år av gongen.
 

Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha uklanderleg vandel og bestå kunnskapsprøva

For kvar bevilling må de utpeike ein styrar og ein person som kan tre i staden for styrar når han eller hun ikkje er til stades. Desse må ha uklanderleg vandel når det gjeld forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova.
 
Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha godkjenning av kommunen som bevillingsmyndigheit, dei må vere over 20 år, og dei må ha bestått kunnskapsprøva. Denne prøva kan dei avleggje hos kommunen.
 
Styrar og person som trer i staden for styrar, må vere tilsett på skjenkestaden, eller dei må jobbe der i kraft av si eigarstilling. Det er berre den som har styringsrett over skjenkinga som kan utnemnast til styrar.
 
Om styrar sluttar, må du som bevillingshavar straks søkje kommunen om godkjenning av ny styrar.

 

Innførsel eller tilverking krev utvida løyve

Ei kommunal skjenkebevilling kan utvidast til også å gjelde innførsel eller tilverking av den type alkohol som bevillinga gjeld for. Dette gjeld ikkje brennevin, som du ikkje kan føre inn eller tilverke på kommunal skjenkebevilling. Alkoholhaldig drikk de har importert eller tilverka, kan de berre bruke til skjenking i eiga verksemd.
 
 

Inndraging av bevilling

Om togverksemda ikkje følgjer vilkåra i bevillinga eller i alkohollova og forskrifter til alkohollova, eller elles ikkje serverer alkohol på ein forsvarleg måte, kan kommunen inndra bevillinga. Som hovudregel kan kommunen også inndra bevillinga dersom de ikke har nytta ho i løpet av det siste året.
 

Kan du ha både statleg og kommunal bevilling?

Du kan få tidsavgrensa statleg skjenkebevilling til tog for dei delar av året som toget går i kollektiv persontrafikk, og tidsbegrensa kommunal bevilling for dei andre delane av året når toget for eksempel har fast tilhald i ein kommune som restaurant.
 
Som bevillingshavar på tog kan du også ha kommunal og statleg bevilling samtidig dersom toget driv fleire typar verksemd i same periode. Det kan for eksempel vere nødvendig når eit tog som til vanleg er kollektivt transportmiddel med statleg bevilling, blir leigd ut til formål som krev kommunal bevilling.
 
Det er opp til bevillingsmyndigheitene å vurdere om du kan få ein kombinasjon av fleire bevillingar samtidig.
 

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Helsedirektoratet