Veiviser til HMS-regelverket

Skjenking av alkohol på buss

Om du ønskjer å servere alkohol om bord på ein buss mot vederlag, må du søkje om kommunal skjenkebevilling. Kommunen gir bevilling til den juridiske eininga som har den direkte økonomiske interessa i, og ansvaret for, salet av alkohol. Både fysiske og juridiske personar kan søkje om å få slik bevilling frå kommunen. Du kan få bevilling for inntil fire år av gongen.
Du kan også få bevilling frå kommunen for ein bestemt del av året, for eit enkelt bestemt høve eller som ambulerande bevilling til lukka selskap.
 
Du har ikkje krav på å få bevilling. Det er opp til kommunen å vurdere om ein søknad om bevilling skal gis, men kommunen må grunngi eit eventuelt avslag.

Kor sterk alkohol kan du servere?

Det er også opp til kommunen å vurdere kva for type alkoholhaldig drikk du får bevilling til å skjenke. 

Du kan få bevilling for skjenking av alkoholhaldig drikk i

 
  • gruppe 1: drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • gruppe 2: drikk som inneheld over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol
  • gruppe 3: drikk som inneheld mellom 22 og 60 volumprosent alkohol.

Bevillingshavar må ha uklanderleg vandel

For å få skjenkebevilling må bevillingshavar og personar med vesentleg innverknad på verksemda ha uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova, samt skatte- og avgifts- og rekneskapslovgivinga.

 

Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha uklanderleg vandel og bestå kunnskapsprøva

For kvar bevilling må de utpeike ein styrar og ein person som kan tre i staden for styrar når han eller hun ikkje er til stades. Desse må ha uklanderleg vandel når det gjeld forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova. 
 
Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha godkjenning av kommunen som bevillingsmyndigheit, dei må vere over 20 år, og dei må ha bestått kunnskapsprøva. Denne prøva kan dei avleggje hos kommunen.
 
Styrar og person som trer i staden for styrar, må vere tilsett i busselskapet, eller dei må jobbe der i kraft av si eigarstilling. Det er berre den som har styringsrett over skjenkinga som kan utnemnast til styrar.
 
Om styrar sluttar, må du som bevillingshavar straks søkje kommunen om godkjenning av ny styrar.

 

Krav til internkontroll

Om du får skjenkebevilling, må du sørgje for at verksemda har tilstrekkeleg godt internkontrollsystem.  Les meir om krava til internkontroll
 

Aldersgrenser, salstider og andre krav ved skjenking av alkohol

Skjenking av alkohol må heile tida vere i tråd med dei vilkåra som er gitt i bevillinga, i henhald til alkohollova og forskrifter til alkohollova, og elles gå føre seg på ein forsvarleg måte.

Dette inneber at de må følgje skjenketider, aldersgrensebestemmingar for den som skjenker drikken, alkoholreklameforbodet, mengdegrenser med meir.
 
Det er viktig å merke seg at det er forbode å skjenke alkohol til mindreårige, eller til personar som er openbart påverka. De kan heller ikkje skjenke nokon på ein slik måte at han eller ho må kunne reknast å bli openbart påverka. 

Inndraging av bevilling

Om de bryt vilkåra, eller ikkje skjenker i tråd med gjeldande regelverk, kan kommunen inndra bevillinga for kortare eller lengre tid. Kommunen kan også inndra bevillinga dersom de ikkje har nytta ho i løpet av det siste året.

 

Kommunen kan utvide skjenkebevillinga til også å gjelde innførsel eller tilverking av den type alkohol som bevillinga gjeld for. Kommunen kan ikkje gi slik tilverkingsbevilling for brennevin. Den drikken de importerer/tilverker, kan de berre bruke til skjenking i eiga verksemd.

 

 

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
  • Kommunen

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Helsedirektoratet