Veiviser til regelverk for virksomheter

Sal og marknadsføring av tobakk

Alle formar for reklame for tobakksvarer er forbodne. Forbodet omfattar også indirekte tobakksreklame. Med indirekte reklame meiner vi for eksempel reklame der tobakksvarer er ein del av reklame for andre varer og tenester. 
Frå 1. juli 2009 er det presisert i lova at forbodet også gjeld røykeutstyr. Røykeutstyr er utstyr som blir brukt saman med tobakk.
 
Frå 1. januar 2010 er det forbode med synlig oppstilling av tobakksvarer og røykeutstyr. Frå 1. juli 2011 er det forbode å selje sigarettpakker som ikkje er merket med bildevarsel. Det er forbode å innføre og omsette elektroniske sigarettar og vannpipetobakk.
 
Det er forbode å selje tobakksvarer som ikkje er merka med helseåtvaringar. Lovgivinga inneheld detaljerte reglar om korleis åtvaringane skal vere utforma. Kravet til merking inneber også at det er forbode å selje sigarettar enkeltvis. 
 
Det er forbode å selje tobakksvarer og imitasjonar av tobakksvarer til personar under 18 år. Imitasjonar av tobakksvarer er for eksempel sjokolade- eller tyggegummisigarettar.
 
Det er forbode å selje tobakksvarer frå automat med mindre betaling skjer via kassa.
 
Frå 1. juli 2009 er det forbode å gi rabatt ved sal av tobakksvarer til forbrukarar.
 

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Helsedirektoratet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































  Fyll inn din epostadresse

Avbestill nyhetsbrev


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Strålevernet
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)
  • NSO
  • DSB
  • Mattilsynet
  • Nærings- og handelsdepartementet