Veiviser til HMS-regelverket

Tekstilar, klede og møblar – brennbarheit og kvelingsfare

Det er forbode å produsere, importere og omsetje svært brennbare tekstilar.

Det er krav til brennverdi for å redusere brennbarheit for klede, nattøy, sengetøy, telt mv. Det er også særskilde minimumskrav knytte til brennbarheit for barneklede, barne- og spedbarnsutstyr og madrassar.

Alle tekstiler kan antennes og brenne. Tekstiltype, tekstilblanding, kjemiske stoffer, innfarging, tykkelse og struktur påvirker antennelighet og brannforløp og risikoen for helseskade. Det er forbudt å produsere, importere og omsette svært brennbare tekstiler.

Alle tekstilar kan ta fyr og brenne. Tekstiltype, tekstilblanding, kjemiske stoff, innfarging, tjukkleik og struktur påverkar kor lett tekstilen tek fyr, brannforløpet og risikoen for helseskade. Det er forbode å produsere, importere og omsetje svært brennbare tekstilar.

Det finst normer for korleis du som produsent kan oppfylle tryggleikskrav mot brennbarheit for tekstilar og for klede generelt. Slike normer gjeld til dømes for nattøy, sengetøy, gardiner og draperi, markiser, telt og liknande.

Barneklede og sped- og småbarnsutstyr – minimumskrav til branntryggleik

Det er særlege minimumskrav til branntryggleik for klede for barn i storleikar til og med 170 cm og for sped- og småbarnsutstyr, til dømes beremeisar, babybagar og babyposar. Krava gjeld òg for teppe, pledd og liknande som vanlegvis blir brukte i bilen, på senga, i barnevogna mv.

Krava til brennverdi for slike produkt gjeld òg for overflatebrann på flossa tekstilar eller tekstilar med luv, sjølv om botnmaterialet til tekstilen ikkje tek fyr eller smeltar.

Madrassar og stoppa møblar

For madrasser og stoppede møbler skal det gjennomføres test av antenneligheten ved ulmende sigarett etter kriterier i anerkjente normer.

Standard for prøving av minimumskrav

Prøving av minimumskrav skal skje i samsvar med ASTM D1230:10, Standard Test Method for Flammability og Clothing Textiles.

Kvelingsfare på grunn av snorer, små delar m.v.

Når det gjeld sped- og småbarnsutstyr og klede til barn, kan små delar som kan losne, utgjere ein fare for kveling. Det same gjeld lange snorer, snorendar, hetter mv. som kan danne løkker og setje seg fast.

For å førebyggje ein slik kvelingsfare skal du bruke retningslinjer for vurdering av tryggleik ved leiketøy så langt dei passar. Det er utarbeidd ein standard for tryggleik ved barneklede som omhandlar snorer og snøreband. Det er også utarbeidd standardar for sped- og småbarnsutstyr, mellom anna for beremeisar, berebagar og stativ, selar og snorer for smokkar. 

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap