Veiviser til HMS-regelverket

Produksjon, import og omsetning av elektrisk utstyr

Elektrisk utstyr kan marknadsførast dersom det kan dokumenterast at utstyret oppfyller gjeldande tryggleikskrav. Eventuelle krav om CE-merking må vere oppfylte. All tryggleiksinformasjon skal vere på norsk.

Produsenten, importøren eller den som på annan måte marknadsfører elektrisk utstyr, har ansvar for å kunne dokumentere at produkta er i samsvar med gjeldande regelverk.

Når kan utstyret marknadsførast og omsetjast?

Elektrisk utstyr kan marknadsførast og omsetjast dersom det kan dokumenterast at utstyret oppfyller gjeldandetryggleikskrav og krav til innhold av enkelte farlege stoffer for utstyret. CE-merking viser om utstyret er produsert i samsvar med gjeldande krav.  

Det er produsenten som har ansvar for å påføre CE-merket. Dette er ikkje eit kvalitetsmerke, men viser at utstyret er produsert i samsvar med gjeldande krav. Du kan vise fram og demonstrere elektrisk utstyrsom ikkje har CE-merking eller dokumentasjon på at det oppfyller tryggleikskrave for utstyret, på messer, utstillingar, demonstrasjonar osv. Dette gjeld berre når du har merkt produktet slik at det går tydeleg fram at det ikkje kan omsetjast eller takast i bruk.  Les meir i forskrift om elektrisk utstyr §§ 11 - 14 og i produktforskriften § 2a-6  under regelverk.

Krav til dokumentasjon

Ei samsvarserklæring er ei eigenerklæring der produsenten eller ein ansvarleg representant for produsenten erklærer at produktet deira er i samsvar med gjeldande krav. Les meir om kva ei samsvarserklæring skal innehalde, i forskrift om elektrisk utstyr § 18 og i  produktforskriften § 2a-5 under regelverk.

Som grunnlag for samsvarserklæringa skal det liggje føre ein teknisk underlagsdokumentasjon. Den tekniske underlagsdokumentasjonen skal i den grad det er nødvendig for vurderinga av om utstyret er i samsvar med gjeldande krav, dekkje konstruksjonen, produksjonen og funksjonen til det elektriske utstyret.

Importøren er ansvarleg for å kunne leggje fram ein kopi av samsvarserklæringa innan tre vyrkedagar på førespurnad frå myndigheitene. Den tekniske underlagsdokumentasjonen må kunne leggjast fram innan rimeleg tid. Den nemnde dokumentasjonen må vere tilgjengeleg til og med ti år etter at utstyret blei marknadsført for første gong i Noreg. Les meir i forskrift om elektrisk utstyr § 19 og i produktforskriften § 2a-4 og vedlegg 5 under regelverk.

For stikkontaktmateriell for bustader skal det, i staden for den tekniske underlagsdokumentasjonen, liggje føre eit typeprøvingssertifikat frå ein prøveinstitusjon som er akseptert av DSB. Materiellet skal ikkje CE-merkjast.

Samanstilling av utstyr

Dersom du stiller saman ulike typar elektrisk utstyr, ut over det produsenten tilrår, blir du sjølv rekna som produsent og må utarbeide samsvarserklæring og teknisk underlagsdokumentasjon for sluttproduktet. Dette gjeld sjølv om dei enkelte delane kvar for seg er CE-merkte frå den opphavlege produsenten.

Språk

Produsenten avgjer, som ein del av risikovurderinga si, kva som er rekna som nødvendig tryggleiksinformasjon, som til dømes åtvaringsinformasjon. Det er du som importør til Noreg som er ansvarleg for at denne informasjonen er på norsk.

Samsvarserklæringa som er omtalt under "Krav til dokumentasjon" ovanfor, skal vere på norsk eller engelsk.

Teknisk underlagsdokumentasjon, som er omtalt under "Krav til dokumentasjon" ovanfor, skal vere på norsk, svensk, dansk, engelsk eller tysk. Les meir i forskrift om elektrisk utstyr § 19 og i produktforskriften § 2a-4 under regelverk.

Myndigheiter

  • Ansvarleg departement for tryggleik: Justis- og beredskapsdepartementet
  • Sentralmyndigheit: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
  • Lokalmyndigheit: Det lokale eltilsyn (DLE) 
  • Sentralmyndigheit: Miljødirektoratet


Relevante lenker

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap