Veiviser til HMS-regelverket

Personleg verneutstyr - produktkrav

Personleg verneutstyr som skal marknadsførast, skal vere EF-typeprøvd og tilfredsstille generelle funksjonskrav for ulike typar personleg verneutstyr. Utstyret skal ha teknisk dokumentasjon, samsvarserklæring, CE-merking og brukarinformasjon frå produsent eller importør.

Teknisk dokumentasjon

Som produsent av personleg verneutstyr (PVU) skal du utarbeide dokumentasjon med alle nødvendige opplysningar om tiltak for å produsere PVU i samsvar med krava om konstruksjon, utforming og produksjon av PVU. Teknisk dokumentasjon skal etter oppmoding leverast til myndigheitene.

Samsvarsvurdering og CE-merking

Produsenten eller ein representant for produsenten skal gi ei erklæring der det blir stadfesta at eit marknadsført personleg verneutstyr er i samsvar med forskrifta. Erklæringa skal alltid vere tilgjengeleg hos produsenten eller representanten og etter oppmoding leggjast fram for myndigheitene.

PVU som tilfredsstiller krava i forskriftene, skal ha fastsett CE-merking. Produsenten set på CE-merkinga etter først å ha utarbeidd samsvarserklæringa.

EF-typeprøving (europeisk typeprøving)

Enkelte typar PVU skal også typeprøvast av eit godkjent teknisk kontrollorgan. Produsenten eller representanten for produsenten skal deretter utferde ei erklæring der det blir stadfesta at eit marknadsført personleg verneutstyr er i samsvar med dei krava som gjeld.

PVU som tilfredsstiller gjeldande krav, skal vere CE-merkt. Det er produsenten som set på CE-merket etter å ha utarbeidd samsvarserklæringa.

Brukerinformasjon

Produsenten skal utarbeide ein skriftleg brukarinformasjon som skal leggjast ved personleg verneutstyr som skal marknadsførast. Informasjonen skal liggje føre på norsk og vere nøyaktig og forståeleg.

Generelle funksjonskrav til alt personlig verneutstyr

Personleg verneutstyr skal vere konstruert og utforma slik at det gir tilfredsstillande vern mot dei skadeverknadene det er meint å førebyggje.

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap