Veiviser til HMS-regelverket

Opplysningsplikt ved sal og marknadsføring av elektrisk materiell til forbrukarar

Dersom du sel eller marknadsfører elektrisk materiell som er tiltenkt forbrukarar, eller som ein rimeleg kan vente at forbrukarar kjem til å bruke, og som er meint å inngå i den faste installasjonen i eit elektrisk anlegg, skal du sørgje for at det, før innkjøpet, blir gitt opplysningar om kva avgrensingar som gjeld i retten til sjølv å installere materiell i den faste installasjonen i eit elektrisk anlegg.

Unnateke er materiell som forbrukarane sjølve kan installere i samsvar med forskrift om kvalifikasjoner for elektrofagfolk. Kravet til opplysningsplikt gjeld heller ikkje elektrisk materiell som berre er berekna for bruk i faste teleinstallasjonar.

Merkinga skal vere skriftleg og på ein måte som er tydeleg for forbrukaren. Merkinga skal plasserast på ein synleg stad på eller like i nærleiken av materiellet og i samband med marknadsføringa av materiellet.

Du skal sørgje for at det blir opplyst om at det elektriske materiellet berre kan installerast av ei registrert installasjonsverksemd. Det skal opplysast om følgjande: «Kan berre installerast av ei registrert installasjonsverksemd».

Opplysningsplikt for seljar og marknadsførar

Opplysningsplikta gjeld deg som seljar eller marknadsførar av elektrisk materiell som skal inngå i den faste installasjonen i eit elektrisk anlegg, til ikkje-faglærte forbrukarar. Du har ikkje plikt til å opplyse om avgrensingane dersom du berre sel til profesjonelle partar, men i dei tilfella salsstaden din også er open for vanlege forbrukarar, er det krav om å opplyse om avgrensinga.

Dersom du driv ei installasjonsverksemd med detaljsal til forbrukarar, er du omfatta av kravet. Dersom du marknadsfører materiell som forbrukarar ikkje kan montere sjølve, i medium som forbrukarar har tilgang til, skal du opplyse om avgrensinga. Det gjeld til dømes materiell som du marknadsfører i fagblad som forbrukarar også kan abonnere på.

Opplysningsplikta omfattar all marknadsføring til vanlege forbrukarar

Opplysningsplikta gjeld all slags marknadsføring, og i alle medium, for slikt materiell. Det omfattar både marknadsføring i papirform, til dømes annonsar i aviser, blad, tidsskrift og spesielt reklamemateriell distribuert til alle husstandar, marknadsføring i form av lyd- og biletreklame på radio eller TV og elektronisk marknadsføring, til dømes ved e-post eller marknadsføring på Internett.

Marknadsføringsomgrepet i denne samanhengen fell saman med tolkinga av omgrepet i marknadsføringslova. Forbrukarombodet og Marknadsrådet har tolka marknadsføringsomgrepet relativt vidt, noko som er sentralt for å sikre at interessene til forbrukarane blir tekne vare på på ein god måte.

Lov til å installere/montere

Alt elektrisk materiell som kan monterast inn i den faste installasjonen i eit elektrisk anlegg, skal merkjast, med unntak av materiell som forbrukaren sjølv har lov til å installere/montere.

Arbeid ein ikkje-faglært kan utføre sjølv

Dette er berre enkle arbeid. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utarbeidd ei rettleiing som nemner kva den enkelte kan gjere sjølv, jf. forskrift 14. desember 1993 nr. 1133 om kvalifikasjoner for elektrofagfolk (fke) § 13 andre ledd. Ein forbrukar kan til dømes ikkje leggje ein varmekabel sjølv og seinare la ei registrert installasjonsverksemd kople han til det elektriske anlegget. Legging og tildekking av ein varmekabel er ein del av det arbeidet som skal utførast av ei registrert verksemd.

Informasjon i salslokale

Ved sal i salslokale er det avgjerande at opplysninga om kva avgrensingar som gjeld, blir gitt på ein tydeleg måte og på ein synleg stad på eller rett i nærleiken av det aktuelle materiellet. Du kan til dømes setje opp eit skilt eller ein plakat i butikken nær materiellet eller merkje hylla der materiellet er utstilt. Du kan også setje klistremerke på sjølve materiellet eller trykkje opplysninga direkte på emballasjen der dette er mogleg.

Det er ikkje tilstrekkeleg berre å informere om dette på éin stad i salslokalet. Det avgjerande er å skape merksemd og at forbrukaren ser opplysninga.

Kravet om merking er ikkje oppfylt dersom du gir opplysninga etter at vara er kjøpt, til dømes ved å gi opplysninga i ein brosjyre, i monteringsrettleiinga eller på kvitteringa.

Språk

All informasjon skal vere på norsk. Dersom du merkjer emballasjen, bør det gjerast på framsida av produktet, slik at kjøparen lett kan sjå opplysninga. Alternativt kan du gi opplysninga på baksida, men med ei tilvising frå framsida. Dersom produsenten av materiellet har gitt opplysninga direkte på emballasjen, treng du ikkje gjere meir for å merkje materiellet, men det er framleis du som siste ledd i salskjeda (butikken) som har ansvaret for at regelverket blir følgt.

Informasjon ved marknadsføring

Ved marknadsføring av materiellet er det viktig at opplysningane er gitt på ein tydeleg måte og på ein synleg stad i marknadsføringsmateriellet. Som eit utgangspunkt skal opplysninga vere gitt ved kvart enkelt produkt. Dersom du har samla alt materiellet i ein katalog / ei liste eller liknande, kan du gi opplysninga under ei felles overskrift. Opplysningane må vere klare og tydelege.

Du kan også bruke eit symbol som viser til opplysningane. I til dømes ei tilbodsavis eller ein katalog skal opplysningane stå på kvar side i avisa eller katalogen der slikt materiell blir presentert. Det same gjeld for Internett og marknadsføring eller presentasjon av materiell på heimesider. Opplysninga skal stå der materiellet blir presentert/marknadsført.

Dersom du har ei samling av materiell, kan ei samleoverskrift eller tilvising vere nok, men bodskapen må til kvar tid komme klart fram. Dersom materiellet blir presentert nærare på ei anna side, skal opplysninga også stå på denne sida.

Informasjon på Internett

Ved marknadsføring på Internett må du opplyse om avgrensinga i bruken sjølv om sidene i utgangspunktet berre er meinte for profesjonelle kjøparar. Grunnen til det er at ein forbrukar, gjennom å søkje etter informasjon om materiellet, kan komme til den sida som presenterer det. For internettsider som berre er tilgjengelege for profesjonelle kjøparar ved hjelp av brukarnamn og passord eller liknande, gjeld ikkje kravet til merking/opplysning.

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Nettsiden viser typiske krav til virksomheter i ulike bransjer. Opplistingen av krav er ikke uttømmende, og det tas forbehold om at feil kan oppstå. Den enkelte virksomhet må sørge for at alle aktuelle krav etterleves. Ved spørsmål, ta kontakt med ansvarlig tilsynsmyndighet.

Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap